Hagefest for skule og barneheim
22. august vert det hagefest i Velumsbrekkene hos Grete og Vegard Lunde Hodneland. Målet er å samla inn mest mogleg pengar til Garden of Eden.
Garden of Eden Kenya er ein organisasjon som driv fadderordning, skule og barneheim i Kiberaslummen i Nairobi.
- Målet vårt er å bidra finansielt til å fullføra diverse utbyggingsprosjekt og sjølvsagt freista å skaffa fleire faste gjevarar til fadderordninga, fortel Åshild Lunde Hodneland, dottera til Grete og Vegard.
Artikkelen held fram under annonsen.
Åshild omtalar seg sjølv som arrangementspotet for hagefesten, og fortel at gjengen bak hagefesten er familievener av osingane som sit i styret for Garden of Eden Kenya, nemleg Rebekka og Asle Andås, og Elin og Harald Salbu.
Open for alle
Hagefesten er open for alle. På programmet står mellom anna mingling med kjente og ukjente, god mat, fiskedam, lotteri og musikalske innslag frå artistar og musikarar frå både Os og "byn".
Seinare på kvelden blir det eigne konsertar med Camilo Beltran og Simen Moesgård.
Primus motorarar for hagefesten er Øyvind Lunde Hodneland og Håkon Sørstrønen Skarding som fiksar alt av lyd, lys, scene og musikarar til konsertane. Ingrid Berge og Åshild står mellom anna for jobben med å skaffa sponsorbidrag, driva promoteringsarbeid og hanka inn frivilige.
Mads Hodneland Sundfjord på åtte år er dommar i kakebakingskonkurransen.
Andre bidragsytarar til hagefesten er Trude Brandal og fotokurshaldar Ole Henrik Kongsvik, ei rekkje musikarar ogkakebakarar m.fl..
Åshild kan fortelja at dei alt har fått fleire sponsorgåver til festen, men at dei veldig gjerne tek i mot fleire.
Stor suksess
Fjorårets hagefest gav over 17.000 kroner i inntekter til Garden of Eden. Over 30 gevinster var samla inn til lotteriet og i overkant av 100 personar fann vegen til hagefesten i finveret.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi håpar å gjenta suksessen i år, seier Åshild, som gjerne ser at hagefesten vert ein lokal tradisjon der arrangementet vert til ved hjelp av private aktørar, næringslivet og kanskje også offentleg støtte.
- Kanskje konseptet kan engasjera folk rundt om i landet til å gjera tilsvarende, avsluttar ho.