Gratulerer med sigeren, Yvonne!
Lysefjordingen Yvonne Nordvik Sivertsen gjekk fredag kveld heilt til topps i musikkonkurransen The Voice.
- Eg har ikkje ord! Tusen, tusen takk til alle som har stemt på meg. Eg skal ikkje la denne sjansen gå frå meg.
Yvonnes mentor, Espen Lind, reagerete slik då det blei klart at ho stakk av med sigeren: - Eg er stum av glede.
Artikkelen held fram under annonsen.
Korleis skal de forvalte dette vidare, spurte programleiar Øyvind Mund.
- Først ska me på finalefest, svara Lind med glimt i auga.
- Me kjem til å høyra mykje frå Yvonne. Ho er eit sjeldant talent som verda fortener å få høyra meir frå. I premie fekk ho platekontrakt med Universal og ein Lexus til ein halv million kroner.
Finalen fredag starta med fire finalistar. Yvonne sang Howl av Alex Vargas og fekk mykje skryt frå dommarane. Sjåarane var einige, og stemte ho vidare til superfinale mot Øyvind Boye Løvold.
I finalen song ho Youth av Daughter, og mentor Espen Lind sa det var det beste ho hadde prestert i heile konkurransen.
Det er tydeleg at det gror musikktalent i bygda, og kanskje er det noko spesielt i vatnet i Lysefjorden. Yvonne er nemleg oppvaksen eit par kilometer unna ein annan kjent lokal artist, Aurora Aksnes.