Oseana presenterer i den samangheng ei rekkje nye måleri - bl.a. DOLK sitt Paintbrush Girl.
Oseana presenterer i den samangheng ei rekkje nye måleri - bl.a. DOLK sitt Paintbrush Girl.

Gjenopnar med DOLK

Laurdag gjenopnar Griegsamlinga i Oseana. Måleri av DOLK er eitt av fleire nye innslag.

- Per Grieg sr. si kunstsamling har sidan starten vore Oseana sin grunnmur, og det er med glede og stoltheit vi no gjenopnar Griegsamlingen, seier kunstkurator Marianne Gathe

Oseana presenterer i den samangheng ei rekkje nye måleri - bl.a. DOLK sitt Paintbrush Girl, monumentale verk av Jacob Weidemann og Inger Sitter, nyare verk av Pushwagner, og verk av eldre meoistrar som Ludvig Karsten og Nicolay Astrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ramma for utstillinga er farge, meir spesifikt den varierande fargebruken i eldre så vel som i nyare biletkunst. Vårt mål er å kunne vise ei frisk og livsglad utstilling, med eineståande arbeid frå den norske kunsthistoria, seier Gathe.

Utstillinga skal stå fram til juni 2016. Då skal det gjerast klart til årets store sommerutstilling med Håkon Gullvåg.