Genesis-gitaristen klar for Osfest
Laurdag 6. august står Genesis-gitarist Mike Rutherford og hans «Mike & The Mechanics» på scenen på Osfest.
Festivalleiinga i Osfest er supernøgd med å ha sikra seg Rutherford og bandet hans til Os.
- Dette er verkeleg gode musikarar og eit proft band. I England er desse verkeleg store. Det er spennande at me no også våger å satsa på utanlandske artistar, uttalar festivalleiinga i samband med lanseringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei trur både Mike & The Mechanics- og Genesis-fans vil ha stort utbyte av denne kvelden.
- Mike Rutherford var blant dei som skreiv mange av hitane til Genesis. Eg veit at han spelar eit par av desse låtane når han turnerer med M&TM, seier Ole Reinert Berg-Olsen.
Bandets opptreden på Osfest vert deira einaste i Noreg i 2016.
Historisk i Os
Utan å kjenna fulle og heile scene-historikken i Os vågar underteikna seg på at Mike Rutherford vert den største og mest banebrytande pop/rock-artisten som har entra ein scene i bygda her sør for Bergen. I lag med Tony Banks og Phil Collins, og tidlegare også med Steve Hackett og Peter Gabriel skapte Rutherford og Genesis historie med sin sjanger-pløyande progrock på 1970-talet.
Tidleg på 1980-talet då Rutherford, Collins og Banks var reduserte til ein trio, var dei blant verdas mestseljande band og produserte ei rekke hits, kanskje spesielt på den sjølvtittulerte «Genesis» frå 1983 og med «Invisible Touch» frå 1986.
Storseljande sideprosjekt
Men sjølv til eit såkalla sideprosjekt å vera er «Mike & The Mechanics» på langt nær for noko småband å rekna. Frå dei slo igjennom med plata «Living Years» i 1988 og fram til i dag har dei seld over 10 millionar plater.
Størst suksess hadde dei nok med «Beggar On A Beach Of Gold» i 1995 med blant anna megahitten «Over My Shoulder» og nesten like mykje spelte «Another Cup Of Coffee».
Totalt har bandet gjeve ut sju plater og er stadig mykje ute og spelar. Etter Osfest til hausten skal bandet til dømes på ein lengre turné både i Tyskland og Frankrike.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nye vokalistar
«Mike & The Mechanics» har heile vegen vore Mike Rutherford's band.
- Eg har alltid vore ein låtskrivar. Ikkje alle låtane mine har passa inn i Genesis-konseptet, seier Rutherford på Genesis-dokumentaren «Together and apart» frå 2014.
Her legg han til at medan Phil Collins kunne starta solo-karriere på si, så måtte Rutherford, som etter eiga meining ikkje kan syngja, ha med seg eit band og ein vokalist.
I bandets nær 30 år lange historie har han skifta ein del på bandmedlemene. Størst endring var det då bandets første vokalist, Paul Young, døydde brått og uventa i 2000.
Til Osfest kjem Rutherford med ei original og rimeleg fersk besetning. Han har nemleg med seg to vokalistar - Andrew Roachord og Tim Howar.