Gabrielle skal i 2016 fokusera på å produsera nytt materiale og skal berre gjere to eksklusive konsertar - ein av desse vert altså på Tysnes. (Pressefoto)
Gabrielle skal i 2016 fokusera på å produsera nytt materiale og skal berre gjere to eksklusive konsertar - ein av desse vert altså på Tysnes. (Pressefoto)

Gabrielle til Tysnesfest

Gabrielle vert ein av headlinerane på Tysnesfest til sommaren.

- Me er utruleg stolte og fulle av begeistring over at Gabrielle har valt å komma tilbake til oss, seier Øystein Vaage i Tysnesfest.

Gabrielle har besøkt Tysnesfest to gonger tidlegare, og kjem altså attende i år, når festivalen på Tysnes feirar 10-årsjubileum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hennar konsertar her har vore blant det råaste me har opplevd, seier Vaage,

Det kan nok dei som fekk oppleva bergensartisten på Osfest i fjor, skriva under på.

Les også:Fekk grusbanen til å rista

Gabrielle skal i 2016 fokusera på å produsera nytt materiale og skal berre gjere to eksklusive konsertar - ein av desse vert altså på Tysnes. Det synest arrangøren sjølvsagt er ekstra stas.

- At me er ein av dei ho har valt, ser me på som ei stor kjærleikserklæring, seier Vaage.

Ved årsskiftet fylte Gabrielle Rockefeller i Oslo to gonger.