Fusing vart årets fotograf i Os Fotoklubb
Med gull i «Open klasse» og «Ved sjøen/vatnet» vart Simen Soltvedt kåra til årets fotograf i Os Fotoklubb.
Resultata for haustens bilet-konkurransar for Os Fotoklubb vart offentleggjorte under eit møte tidlegare no i desember. Her viste det seg altså at fusingen Simen Soltvedt toppa begge konkurransane og vann dermed også kåringa om å bli årets fotograf.
- Årets fotograf er den medlemen som samanlagt har gjort det best i klubbkonkurransar og NM gjennom gjeldande år. Med gull og sølv i «Open klasse» og gull og bronse i «Ved shjøen/vatnet» vann Simen relativt klart framfor Bjart L. Haugland, fortel leiar i Os Fotoklubb, Tore Solvang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Soltvedt vart også årets fotograf i 2013. I fjor stod han for årets bilete.
Undring
Simen Soltvedt har drive med hobbyfotografering sidan 2007. Han har vunne fleire prisar dei siste åra. Likevel er det stas å bli årets fotograf i Os Fotoklubb.
- Det er alltid moro med heider og ros for det arbeidet ein gjer, seier 40-åringen som til dagen jobbar som leiar for avdelinga informasjon og service i Os kommune.
Om sine to vinnar-bilete seier Vinnes-karen følgjande.
- «The Bed» vart teke i eit gamalt sveitsarhus på Vinnes. Tanken bak biletet er å skapa undring. Biletet er mystisk og grått og trist. Med skorne på golvet ønskjer eg at sjåarane skal undra seg over kva som har skjedd, fortel Soltvedt.
- Vinnarbilete i «Ved sjøen/vatn»-klassen er kalla «Fantasia» og består av tre bilete. Det mest kjende er av margarinfabrikken ved Koldalsfossen i Eikelandsosen. Så er brua frå Mosjøen, medan himmelen er teke ein plass på Gotland. Det er altså eit spesielt samansett bilete.
Juryens kommentarar
Simen Soltvedts bilete fasinerte altså juryen beståande av seks personar knytt til ein fotoklubb ved Statoil forskninssenter i Trondheim.
Her er kva dei skreiv om vinnar-bileta: «Open klasse»: Godt fanga/arrangert motiv, som opnar for å tenkja gjennom tidlegare tider og det som var. Teknisk bra ved at lyset ikkje brenn ut i vindauget, samstundes som ein anar detaljane i dei mørke veggene. Sterk komposisjon der bruk av mange skarpe detaljar og element som skorne bidreg til å løfta motivet. Komposisjonen kunne moglegvis vore ytterlegare stryka ved å flytta senga ørlite mot høgre slik at sengegavlen ikkje kom i konflikt med høgre vindaugskarm for vindauget i midten.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Ved sjøen/vatnet»: Veldig bra gjennomføring og redigering med gode kontraster og god konvertering til svart/kvitt. Vellukka og balansert bruk av lukkartid for å unngå "mjølkevatn" og samstundes skapa liv i vatnet. Sterk og god komposisjon med bruk av brua som innramming, men kanskje hadde det blitt endå sterkare dersom det hadde vore litt meir luft mellom brua og husstaket.
Årets foto
Også «Årets foto» vart kåra under Os Fotoklubb sitt siste klubbmøte no i desember. Her var det leiaren sjølv som stakk av med tittelen.
- Biletet eg vann med er teke nede ved Kyrkjetangen i Bergen. Det er kalla «Høstmorgen», rett og slett fordi det er teke ein høstmorgon, fortel Tore Solvang.
Blant medlemene i Os Fotoklubb heng «Årets bilete» ekstra høgt, då det er medlemene sjølve som kårar vinnaren.
- Tore vann denne tittelen i 2013 også. Han er den einaste i klubben som to gonger har nådd til topps i denne kåringa, fortel Simen Soltvedt.