Fusa senioruniversitet: Trubadur Jimmy Næs gleda med godbitar av Ingvar Moe
I eit fullsett lokale fekk trubadur Jimmy Næs frå Etne boltra seg tysdag i påskeveka.
På innbyding av Fusa senioruniversitet leika Jimmy seg med Ingvar Moe sine tekstar, tonar og tankar. P
Publikum kosa seg med viser fulle av muntre sprell, over dikt som minna dei om tidene som var, og over velklingande melodiar på gitar som kvikkar opp kven som helst ein grå dag i mars.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lørdagskveld i gamle da'r
Me plukkar fram nokon godbitar frå Jimmy Næs si framføring.
Nokon som kjennar seg att her?
Lordagkveld i gamle da'r:
Me gutar i Etne for lengje sio
tok bussen te Ølen i åttatio
og Båten tebakers omtrint med det sama,
der fekk me kjøpt vin tå eihalvsure dama,
spanderte ei heile Fuhr Fino te manns,
Artikkelen held fram under annonsen.
ho bjønte å virka før me kom te lands.
Nå Sunnhordland bles, va me gla' og fornødde
og hoppte på land før han vel va fortødde,
la veien te Ljoshall, me sprang uten stans,
for alt gjekk jo ut på å få seg ein dans
før motet va vekke, me kunne kje venta,
for fastande baud me kje opp noko jenta.
Så lengje me kjende oss øre i toppen,
Artikkelen held fram under annonsen.
så kunne me visa med heile kroppen
ka me hadde løst på og helst vilde ha.
Å, fattige ungdom, ko rike du va!
Kjennar du typen?
Nokon som kjennar att typen i neste dikt?
Dei som har noko med det
det var dei som vætte svampen
for læraren
valde lag i friminutten
Artikkelen held fram under annonsen.
og sytte for at du
blei med
for kjøt og flesk
Dei som hadde noko
med det
det var dei som smidde
talglys utover ungdomshusgolvet
før dei stilte deg i døra
Artikkelen held fram under annonsen.
med kvitt armbind og snudde
handflata imot deg
når dei meinte du var for glad
til å dansa
Dei som hadde noko
med det
dei var dei som skudde
ungane dine på plas
Artikkelen held fram under annonsen.
i rekkja i 17. mai-toget
som hadde dei lengste sløyfene
på gabradinfrakkane
som bles ein-to-tre-fire
i mirkofonen
før dei stilte seg attmed
talaren med paraplyen over han
Dei som hadde noko
med det
det er dei som kjem heim
ifrå M ø t e t
viss han ikkje ser det utanpå dei
med det same
som krir ordlause til sengs
og vekkjer kona morgonen etter
med den eldgamle vitsen:
kone, i natt sov du
attmed ein varmann
Dei som har noko
med det
Bygdatryggleik
Vett du ett
om meg
og eg hitt
om deg,
vett du og eg
atte me vett
ett og hitt
om kvarrandre
du og eg vett
støtt ettkvarrt
om ennkvann,
kvar og ein ha sitt
som noken og kvar vett
litt om -
me ha støtt litt
om kvarrandre
Moes diktartalent
Til slutt eit par dikt som visar Ingvar Moe si diktartalent og -glede.
Du kom te jordo
Du kom te jordo
med altfor stutte
bein
di nådde aldri
heilt ned
Eit lite dikt
smatt snøgt i hol
etterlet seg synlege ord
over kvit slette
krafs,krafs
For Fusa senioruniverisitet
Bjørghild des Bouvrie