F.v. - Børje Grøndal Skåtun, Håvard Grøndal Skåtun, Kjetil Solberg, Daniel Tveit og William Rolland.
F.v. - Børje Grøndal Skåtun, Håvard Grøndal Skåtun, Kjetil Solberg, Daniel Tveit og William Rolland.

Fusa rockeklubb: Fellesskap, øving og utvikling

Fusa rockeklubb handlar om meir enn berre musikk.

Leiar rockeklubben, Håvard Grøndal Skåtun, fortel at klubben no har vore aktiv i vel to år. Dei har base på Vinnes og har så langt 17 medlemer, er ein frivillig organisasjon av musikarar og songarar der dei fleste spelar i andre band. Fleire av medlemene har vore ute på turné både i Europa og USA det siste året, så det er ikkje berre «husband» vi snakkar om.

- Vi møtest i rockeklubben for fellesskap, øving og utvikling, og kan reisa ut på slike oppdrag, seier Skåtun.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har også hatt felles konsertar og arrangert diskotek (rusfritt) i ungdomshuset på Vinnes.

Rockeklubben vart i si tid starta for m.a. å skaffa pengar til skikkeleg utstyr, noko som også kan leigast ut til andre arrangement.

- Draumen er at vi på sikt kan få til eit eige lydstudio, eller i det minste skaffa utstyr til innspeling av musikk, seier Skåtun.

F.v. Marius Nilsen Kleppe, Idar Rolland, Natasja Smørholm, Andreas Nilsen Kleppe og Even Engevik Lygre.
F.v. Marius Nilsen Kleppe, Idar Rolland, Natasja Smørholm, Andreas Nilsen Kleppe og Even Engevik Lygre.

Sjangrane i Fusa har stort sett vore prega av country og metal – no er rocken også innanfor. På dansen i Eikelandsosen denne torsdagen stilte rockeklubben med to band. Og at musikalitet ligg i genane, vil du forstå av besetningane; Her er to brør i kvart av orkestera pluss at Idar og William også er brør.

Synnøve Lien

Fusa Lions