Kor(t)pusten i lag med dei tidlegare dirigentane Aksel Henning Holdhus, Hilde Elise Eide Tveit og Mona Johanne Kårbø.
Kor(t)pusten i lag med dei tidlegare dirigentane Aksel Henning Holdhus, Hilde Elise Eide Tveit og Mona Johanne Kårbø.

Fullt hus for kortpusta damer

Jubileumskonserten til Kor(t)pusten var ein stor suksess. To ledige stolar var alt som var å oppdriva hjå Skjelbreid Poirée då damene stod på scena.

- Det var veldig kjekt. Stemninga var god, seier leiar i koret, Hildegunn Austestad.

- Men eg er jo så ugild som ein kan vera, seier ho og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag inviterte koret til jubileumskonsert hjå Skjelbreid Poirée. Kordamane framførte ti songar, deriblant ein jubileumssong som vart skriven i samband med at koret runda 25 år. Forfattarane bak den humørfylte songen er Kjellaug Raunsgard, Birgit Rosvoll og Elin Kvinge.

- Songen handlar om at i starten så var alle fine og fjonge, og hadde fin fasong, men at det har gått litt nedover sidan den gong, og at no er LiftUp hovudsponsor for koret, fortel Austestad.

Med seg på scena hadde kordamene konferansierane Astrid Skåtun Rysjedal og Britt Mari Gjerde. I tillegg bidrog dottera til Magni Mjånes Myklebust, Kristin Mjånes Myklebust, på to av songane på konserten.

Kristin Mjånes Myklebust var med på to av nummera til damekoret.
Kristin Mjånes Myklebust var med på to av nummera til damekoret.

Koret sørgde òg for å gjera stas på dei tidlegare dirigentane Aksel Henning Holdhus, Hilde Elise Eide Tveit og Mona Johanne Kårbø, og pianist Eleonora Melnik-Larsen. Ingunn Dalland og Torstein Hatlevik har òg dirigert damene i ein periode, men kunna ikkje delta på konserten.

Éin som var på konserten, var ordførar Atle Kvåle. Han vart så begeistra at han hyra inn Kor(t)pusten til å syngja på neste kommunestyremøte, 12. november.

- Ønskjer å starta alle kommunestyremøta i Fusa kommune med eit kulturinnslag, skreiv ordføraren på Facebook-sida si etter konserten.

Dirigent Maria Louise Lister Midtrød fortel at kordamene tek utfordringa på strak arm. Kva dei skal syngja, er ikkje hundre prosent avklart enno.

- Det vert nok nokre fine viser og ein blå salme, seier Midtrød.