Fiolinist Sara og pianist Natalie gler seg til å spela for små og store i Oseana komande veke.
Fiolinist Sara og pianist Natalie gler seg til å spela for små og store i Oseana komande veke.

Friskunst + Rikskonsertene = Sant

Os-prosjektet Friskunst har inngått eit samarbeid med Rikskonsertene. Torsdag 12. november kan du oppleva resultatet i Oseana.

Det Oseana-utvikla prosjektet Friskunst er godt i gang for hausten. Nytt av året er eit samarbeid med Rikskonsertene. Dermed kan Os ynskja velkomen to av landets mest talentfulle musikarar: Fiolinist Sara Övinge og pianist Natalie Gourman.

Så i staden for å vera misunneleg på Os-elevar på 5.-7. trinn som neste veke får oppleva duoen i Oseana, og i tillegg får besøk av musikkpedagog Mari Persen, kan du kjøpa billett til open kveldskonsert torsdag 12. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fiolinist Sara Övinge har Den Norske Opera & Ballett som arbeidsplass, har vunne ei lang rekke prisar og vore solist med Kringkastingsorkesteret og Bergen Symfoniorkester, for å nemna noko.

Natalie Gourman er utdanna ved Guildhall School of Music and Drama og er ein velkjend kammermusikar.

På programmet står musikk av mellom anna Brahms, Satie, Grieg og Faure.