Fri som fuglen
I vår gav Silje Nergaard ut sitt femtande album, "Chain Of Days". Først på dette albumet kjente den populære jazzvokalisten seg 100 prosent fri i studio.
Den nyvunne fridomen botna i ei såre enkel justering.
- Eg har alltid følt meg trygg på scena. Men i studio har eg vorte nervøs, og eg har grua meg til å syngja, utan heilt å skjøna kvifor, fortel Nergaard i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Løysinga var å ta av seg høyretelefonane. Det var teknikar Ulf Holand som føreslo det.
- Eg syng meir naturleg og fritt når stemma mi høyrast ut slik som den er i rommet, slik som eg er van med å høyra ho når eg syng på kjøkenet eller i dusjen, seier Nergaard.
Det verkar kanskje litt underleg at ho ikkje har funne ut korleis ho skal løysa problemet tidlegare, påpeikar ho i pressemeldinga.
- Men det kjennast godt å endeleg koma til kjernen av problemet. Eg trur og håpar at folk kan høyra det. Eg høyrar det i alle fall, seier vokalisten og låtskrivaren.
Legg turneen innom Oseana
Onsdag legg Nergaard ut på ein omfattande norgesturné. Ho skal vitja stader som Halden, Askim, Trondheim, Ålesund og Bergen, før ho tek turen innom Os og Oseana kunst- og kultursenter onsdag 11. november.
På den nye plata si, "Chain Of Days", har Nergaard leika seg med sjangrar som folk, pop, country, jazz og blues.
- Men den tydelege signaturen hennar som komponist rammar det heile inn, og skapar ein musikalsk heilskap, heiter det i pressemeldinga.
I tillegg til å droppa høyretelefonane, samla musikarane seg i eitt og same rom under innspelinga. Det gav musikarane ei kjent og kjær "live"-kjensle.
Artikkelen held fram under annonsen.
-Naturleg og autentisk
Nergaard har arbeidd saman med gitaristane Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen dei seks siste åra. Duoen er framleis ryggraden i lydbiletet hennar. I tillegg har ho med seg bassist Audun Erlien og trommeslagar Anders Engen. Sistnemnte er også produsent på albumet.
- Musikarane er ekstremt dyktige, noko som var heilt avgjerande for ideen om å satsa på ei "live" innspeling. Det vert noko heilt anna når ein står saman og kjennar musikken dirra i rommet. Det vert naturleg og autentisk, seier Nergaard i pressemeldinga.