Rune Larsen står for underhaldninga. (Pressefoto)
Rune Larsen står for underhaldninga. (Pressefoto)

Framleis Trygg i Os

Fysisk aktivitet og helse er temaet for Trygg i Os tysdag 22. september.

Det er fjerde gong at Os kommune inviterer til gratisarrangementet Trygg i Os for seniorar og andre interesserte. Som tidlegare finn arrangementet stad i Oseana.

- Vi gler oss veldig. Det er stas å kunna samla så mykje folk denne eine gongen i året, seier aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan temaet i år er fysisk aktivitet og helse, vert det ulike føredrag om dette. Randi Marie Berntsen frå Idrett Bergen Sør har fått temaet «Evig aktiv», medan Os kommunes Tom Leonsen og Ann Kristine Hatlelid skal snakka om høvesvis «Turstiar i Os» og «Kvardagsrehabilitering». I år er også brannførebygging attende på programmet.

Rune Larsen

Ordførar Terje Søviknes opnar dagen før Øyving Gjerde og Knut Vidar Garlid står for eit lokalmusikalsk innslag. Konferansier vert den alltid like entusiastiske leiaren for Os frivilligsentral, Tove Hille. Det vert servering av deilig mat frå Oseanas eigen restaurant og underhaldning frå sjølvaste Rune Larsen.

Påmeldinga opnar måndag 7. september. Møt fram hos Os kommune eller ring, for å få gratis billett.