Ole Reinert Berg-Olsen med band og Gina Aspenes stod for den musikalske underhaldninga under St. Hans-feiringa i Lerwick. (Alle
Ole Reinert Berg-Olsen med band og Gina Aspenes stod for den musikalske underhaldninga under St. Hans-feiringa i Lerwick. (Alle

Frå sjøsjuke til dans og moro

Det var ikkje få som vart sjøsjuke på overfarten frå Os til Shetland. Men vel framme i Lerwick var stemninga om bord i Statsraaden på topp igjen.

Totalt 125 personar stilte som frivillig mannskap på Shetlands-toktet som gjekk frå Os søndag morgon. For ein del av dei vart overfarten noko ubehageleg.

- Etter avgangen frå Os gjekk me nord til Feie, før me la kursen vest og ut i havet. Etter dette heiste me segla og kryssa utover i frisk bris. Ikkje alle takla gynginga like bra, humrar ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For meg gjekk det tolig bra. Eg har vore ein del på sjøen, så eg er godt vand, men det er klart, det er spesielt å vera om bord i eit så stort skip når det krengar i vinden. Mange blant dei frivillige måtte ta ein time-out, og nokon av dei måtte til og med "ropa etter elgen" over rekka, fortel Søviknes.

Han oppsummerer elles seglasen som fasinerande.

- Det var utruleg flotte segletilhøve. I den sterke brisen var me oppe i 12 knops fart, og alt måndag kveld måtte me slakka på farten, for ikkje å koma fram tidlegare enn planlagt, fortel han.

Bergenstrubaduren Tommy Sulen var blant dei frivillige som var mannskap på Shetlandsturen. Fyllingsdølen bidrog likevel også på underhaldningsfronten.
Bergenstrubaduren Tommy Sulen var blant dei frivillige som var mannskap på Shetlandsturen. Fyllingsdølen bidrog likevel også på underhaldningsfronten.
ORBO og Tommye Sulen tok nokre improviserte låtar.
ORBO og Tommye Sulen tok nokre improviserte låtar.
Ingenting å seia på solnedgangen kvelden før innseglinga til Lerwick.
Ingenting å seia på solnedgangen kvelden før innseglinga til Lerwick.
I tillegg til dei 125 frivillige som var med som mannskap på Shetlandstoktet var det bra med gjester som kom om bord på St. Hans-kvelden i Lerwick. Statsraaden hadde rett og slett ope skip denne kvelden.

Opp i riggen måtte dei fleste.
Opp i riggen måtte dei fleste.
Full opplæring på dekk måndag. Terje Søviknes og kjærasten Anne Fenstad er blant dei lydige elevane.
Full opplæring på dekk måndag. Terje Søviknes og kjærasten Anne Fenstad er blant dei lydige elevane.

Gjestmilde folk

Klokka 09 tysdag morgon segla dei inn til kai i Lerwick.

- Det var vakkert. I flott morgonsol fekk me verkeleg sjå det flotte landskapet ved innseglinga.

Etter ein heil dag i land, der Os-delegasjonen fekk helsa på eit gjestmildt folk, var det Statsraad-gjengen som fekk gleda av å invitera vertane om bord til seg.

- I kveld har me rett og slett ope skip. Me inviterte alle me møtte til dans. Blant dei som kom om bord var også ein del norske som låg til kai like bortanfor i nokre havsiglarar, fortel Søviknes.

Etter eit godt måltid spelte Ole Reinert Berg-Olsen og Gina Aspenes med band opp til dans. Blant mannskapet om bord var også ikkje ukjende Tommy Sulen. Den tidlegare Fyllingen-supportaren og medlemen av «Guttene»-duoen med Trond Jensen, klarte ikkje halda seg unna spotlighten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tommy er ein kar som skaper liv. Han fekk spela nokre låtar og bidrog også til at folk etter kvart kasta seg ut i dansen, fortel Søviknes.

Noko roleg

Så velding lang kveld vart det likevel ikkje i Lerwick. Fleire av dei om bored hadde lært nok frå dagen i førevegen. Dessutan skulle dei alle tidleg opp onsdag morgon.

- I morgon dreg me ut klokka 09.00. Då må alle vera parate og klare til å ta sine vakter. Her går me fire på og åtte timar av. Me har mange ulike oppgåver. Me byter på å vera boyevakt, rorvakt, brannvakt og på å halda utkikk i baugen. Dessutan må me vera med å heisa og senka segl. Den siste jobben inkluderar klatring i mastene. Det er rimeleg heftig. Høgste punktet er 30 meter over dekk. Sjølv våga eg ikkje gå høgare enn til 15 meter, vedgår Søviknes.

Dersom alt går som planlagt, losar kaptein Jarle Flatabø Os-besetninga trygt til kai i Bergen på fredag.