Fonos og dirigent Stine Kobbeltvedt under fjorårets konsert  med Mixmaster Cru. (Arkivfoto)
Fonos og dirigent Stine Kobbeltvedt under fjorårets konsert med Mixmaster Cru. (Arkivfoto)

Fonos til Ole Bull Scene

2. juni står Fonos på Ole Bull Scene i Bergen med «Best of Fonos». Dit er dei inviterte av sjefen sjølv, Sølvi Rolland.

- Vi kjenner at vi tek eit steg ut av komfortsona no, men det er utruleg spennande óg, seier dirigent Stine Kobbeltvedt.

Invitasjonen til Ole Bull Scene kom frå teatersjefen Sølvi Rolland sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølvsagt takka vi ja. Det er ikkje slik at vi har drøymt om å opptre i byen, men no fekk vi sjansen og då tek vi han, seier Kobbeltvedt.

Ho skildrar Ole Bull Scene, med sine 480 sitjeplassar, som eit intimt og flott konsertlokale.

Protestar

Med to årlege konsertar og ulike events innimellom der igjen, ymta dirigenten frampå om kanskje koret ynskte ein roleg forsommar denne gongen.

- Men då kom det høglytte protestar frå alle som ein: "Hæ, vi må jo ha stor konsert!", ler Kobbeltvedt.

Dermed var det ikkje noko anna å gjera enn å bretta opp ermene og setja saman det Fonos er så kjende for: Overraskande og spennande songrepertoar.

- Eg har spurt ulike publikumarar og koret sjølv, om kva dei liker best. Deretter har eg jobba med å setja saman låtar som kler kvarandre, fortel ho.

Dei siste åra har Fonos øvd inn om lag 18 songar til kvar av to årlege konsertar. Dermed har dei fått eit relativt stort repertoar.

- Det blir ein «Best of Fonos»-konsert, i tillegg til nokre heilt nye låtar. Eg kan i alle fall røpa at våre ti flotte menn skal synga ein Daniel Kvammen-låt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøgde damer

Mennene har nemleg innteke Fonos den siste tida. Ti mannlege songarar er ny rekord og vekkjer stor begeistring hjå damene i koret.

Både dirigent og kor håpar bergenspublikummet let seg lokka.

- Vi har fått to nye medlemer frå Fana og ein frå Hop. Så eg har bedt dei gjera ein vanvittig bra jobb med å få folk frå byen til å koma og høyra på oss, ler Kobbeltvedt.

- Er de blitt for store for Os?

- Ha-ha. Nei, vi er ikkje der heilt enno, ler ho.

- Små og store i familien Kobbeltvedt har framleis obligatorisk frammøteplikt. Og det gode samarbeidet med Oseana er på langt nær over, forsikrar ho.

- Vi håpar jo at ein del av våre faste publikumarar blir med oss til byen. Vi er veldig takksame for alle som blir med oss, seier ho.