Folkemusikarar i toppklassen kjem til Lyngheim
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen er to av landets fremste folkemusikarar. Tysdag kjem dei til Os og Lyngheim.
Besøket frå dei anerkjende folkemusikarane inngår i serien av intimkonsertar på Lyngheim.
- Hulbækmo og Jacobsen har halde saman i musikken og livet i over 40 år, og vunne fleire spelemannsprisar - saman og kvar for seg. Dei har turnert over heile kloden og spelt i alle verdsdelar, fortel Magne Brekke i Stiftinga Lyngheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tone Hulbækmo frå Tolga i Østerdalen er både folkesongar og utøvar på trøorgel, lyre og norsk harpe.
Hans Fredrik Jacobsen er kanskje mest kjend som fløytespelar, men trakterer også toradar, gitar og saksofon. Jacobsen er også ein etterspurd studiomusikar og har deltatt på eit hundretals innspelingar, blant anna med Secret Garden, Sidsel Kyrkjebø og Erik Bye.
- På konserten serverer dei både norsk folkemusikk og eksotiske låtar dei har lært på sine mange turnear og i samarbeidsprosjekt frå andre stader på kloden, fortel Brekke.
Publikum får òg høyra viser med eigne melodiar til tekstar av Halldis Moren Vesaas, Ove Røsbak, Hans Børli, Erik Bye og Alf Prøysen.
Brekke minner om at det ikkje er plass til så mange i lemstova på Lyngheim, så det gjeld å vera om seg dersom ein vil sikra seg billettar.