Gospelbandet The Holy Ghosts frå Edinburgh er klare for Osfest.
Gospelbandet The Holy Ghosts frå Edinburgh er klare for Osfest.

Fire nye namn klare for Osfest

Med The Holy Ghosts, Vossarebels, Hear Me Roar og Hans Marius Andersen er Osfest-programmet komplett.

Maya Vik er gravid og fann ut at konserten i Os vert for nært inn mot terminen. Ho har difor meldt avbod.

- Det har me stor forståing for. Me får håpa ho kan vera med neste år i staden, seier festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel vidare at kanselleringa gav opning for å hanka inn eit band han meiner er veldig bra.

- The Holy Ghosts er god rock og mykje energi. Dette er eit band som verkeleg leverer frå scenen, seier Berg-Olsen.

Bandet frå Edinburgh går inn i laurdagsprogrammet, før Neil Finn og Mike & The Mechanics.

Vossarebels kjem direkte  frå "Norske Talenter". Kvartetten spelar på festivalcruiset på MS  Midthordland.
Vossarebels kjem direkte frå "Norske Talenter". Kvartetten spelar på festivalcruiset på MS Midthordland.
Hear me Roar er eit band som vart publikumsfavoritt under bransjetreffet 100 dagar på Stord, og dermed valt ut til å spela på 14 festivalar i sommar.
Hear me Roar er eit band som vart publikumsfavoritt under bransjetreffet 100 dagar på Stord, og dermed valt ut til å spela på 14 festivalar i sommar.
Hans Marius Andersen spelar på jazzcafé på Oseana laurdag 6. august.
Hans Marius Andersen spelar på jazzcafé på Oseana laurdag 6. august.

Vossarebels på festivalcruise

Laurdag 6. vert det også musikalsk underhaldning på Oseana i regi av Osfest. Hans Marius Andersen er hovudattraksjonen når det vert invitert til jazzkafé. Trompetisten vert omtala som eitt av dei største trompet-talenta i Europa. Han har mellom anna jobba med Sissel Kyrkjebø og Sigvart Dagsland.

Kvartetten i Vossarebels spelar på det kommunale festivalcruiset på laurdagen.

- Kommunecruiset er eit tilbod frå Os kommune i samarbeid med Osfest, der kommunen distribuerer billettane internt til ulike dagsenter og pleieheimar i Os. Dette er ein tradisjon me er glade for å føra vidare, uttalar Berg-Olsen.

Festival-vinnarar

I samband med felles satsing for alle festivalar på Vestlandet er eitt band plukka ut til å få spela på alle 14 denne sommaren.

Bandet Hear Me Roar vart utvald under bransjetreffet 100 dagar på Stord. Bandet spelar i VIP-teltet før Trine Rein på fredag kveld.