Felespel i Os
- Då spelar eg tonane, og så hermar du etter meg, seier instruktør og leiar av Os Spelemannslag, Svein Inge Brimsholm Hovland. Me er på øving i «Kviteskulen» (Os Barneskule) på Osøyro.
Morten Holmefjord
morten.holmefjord@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Hovland og Eirin Røykenes er instruktørar, medan Engelina Øivindsdotter Røykenes (5), Fabio Aarland (6) og Julie Stolt-Larsen (14) er nye elevar.
- Skal me spela gitar, spør Engelina, dreg fingrane over og lagar underfundige lydar på kvartfela sine strenger.
Hovland reiser seg frå ein av benkene dei sit på.
- No må alle prøva å finna same tone som eg spelar, seier han og sit seg bak pianoet.
Før om åra har det vore sporadisk, men denne hausten har Os spelemannslag starta opp med fast øving for nybyrjarar kvar onsdag. Elevane er delt inn i grupper etter alder.
Tolmod
Så er øvinga over. Me køyrer gjennom sentrum til Lyngheimtunet på Haugsneset der laget har sine faste øvingar annankvar onsdag, når dei ikkje er på Os Barneskule. Hovland er lærar, så dette med å vera tolmodig har han greie på.
- Små steg om gongen. Det er jo eit vanskeleg instrument å byrja på, seier han.
Dei som er nye tek til på vanleg fele, før dei får tilbod om å gå over på hardingfele med fire understrengjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til Færøyane
Os spelemannslag vart skipa i 1959 og dreiv på til utpå slutten av 70-talet, før dei starta oppatt i 1993.
- No er me ein bra gjeng på 14-15 som møtest jamnleg, seier Hovland.
Det går mest i det som folk kallar gamaldans (eller runddans på fagspråket), med vals, reinlender, masurka og polka. Men dei spelar også slåttemusikk innimellom, som pols, springar, rull og halling.
Saman med Kvinnherad folkemusikklag reiste dei i sommar til Færøyane, der dei spelte både til dans og heldt konsertar.
- Ein kjekk tur. Eg håpar me kan halda fram med samarbeidet, seier musikkentusiasten, og legg til at det er planar om ny utenlandstur til ei anna vesterhavsøy, denne gongen truleg til Orknøyene.
Spelemenn og spelekvinner
Det er halvt om halvt med damer og menn i laget. Dei er nesten sjølvforsynt med melodiar, sidan dei har folk som Norvald Kobbeltvedt og Jimmy Øvredal med seg i laget. Eirin Røykenes er utdanna kvedar frå Raulandsakademiet, og i tillegg til feleinteressa, bidreg ho mykje med song i laget.
Spelemannslaget har vore representert på Vestlandskappleiken, spelt i både bryllaup og gravferd, hatt innslag på Torgdagen i Bergen og spelt til jonsokfeiring i Mobergsvikjo ei rekkje gonger, for å nemna noko.
Eit av høgdepunkta var opninga av kulturhuset Oseana i 2011, der spelemannslaget hadde laga ein film kring historia om "Fossegrimen" i Oselvo. Denne filmen vart vist på storskjerm før laget spelte slåtten "Osingen", ein hallingdans som "Grimen" hadde "lært" til laget.
Artikkelen held fram under annonsen.
At det var skrivaren i laget, Norvald Kobbeltvedt, som hadde komponert slåtten, og leiaren i laget som stod for manuskriptet, er ei anna historie. Eit anna høgdepunkt var 100-årsjubileet til vår lokale komponist, Henrik Lyssand, i 2012, der spelemannslaget var med både til konsert og dans.
- No framover blir det speling på sjukeheimen 4. november, og så skal me spela på Os småfiskarlag sitt julebord, før haustsemesteret vert avslutta med dans og graut, saman med Os Ungdomsslag, fortel Hovland.
- I januar kjem Kvinnherad Folkemusikklag til Os for å halda årsmøtet sitt her, og då vert det mimring frå turen vår til Færøyane.
Rekruttering
Eit par av medlemene er under 20, medan resten er godt vaksne.
- Men det er plass til fleire, og med den opplæringa dei no har sett i gang, håpar dei å få fleire ungar og ungdomar med seg i laget, og etablera eit juniorspelemannslag i bygda, fortel Hovland.
I Hordaland er det ofte kurs og samlingar for dei yngste i spelemannslaga. Å oppretta kontakt med andre på same alder er ofte avgjerande for at dei skal halda fram med instrumentet. Eit samarbeid med Os Kulturskule helsar dei velkomen.
Godt miljø
- Me har musikken som felles interesse, og så er det blitt eit godt sosialt miljø. Me har kaffi og mat med oss på øving. Sommardans og -leik på Steindalsetra, hytta til Os Ungdomslag, har lenge vore tradisjon, og i den seinare tid har me òg vore invitert til "Solvendingssamling" på hytta til Jimmy Øvredal oppunder Svinningen, avsluttar Hovland, før dei dreg i gang parisarpolkaen «Gluggjen».