Fekk svar på begge flaskepostane
Fem-års-klubben i Hegglandsdalen barnehage har dei siste 20 åra reist på ein årleg overnattingstur. Fleire gonger har dei laga flaskepost, og i år fekk dei svar for første gong.
- Borna syntest det var stor stas å få svar. I år hadde dei laga to flaskepostar, og fekk svar på begge. Flaskane vart kasta i sjøen 28. mai frå Fusa-ferja, i samband med ein hyttetur til Fusa Camping, som har vore fast destinasjon i alle fall sidan eg starta å jobba i barnehagen i 2007, fortel Renate Sande Bjørø.
Fann flaskeposten på Godøysund
Sist veke fann fusingen Ruben Skjoldal (17)flaskepost i fjæresteinane i Holmefjord i Fusa. Inni flaskeposten var det fire flotte teikingar, signert born frå Hegglandsdalen barnehage.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den andre flaska vart funnen på Godøysund på Tysnes i juni, pussig nok av ein som tidlegare har gått i barnehagen.
- Mora tok kontakt og fortalte at dei hadde funne flaskeposten. Dei bur i Hegglandsdalen, men var på tur til Godøysund då dei fann flaskeposten, seier Bjørø.