Fekk opp temperaturen
Old Timers Bigband vart med glimt i auget introdusert som ein gjeng med ungdomar då dei hadde sin debut-konsert laurdag. Og dei røynde musikarane fekk det til å svinga frå fyrste tone.
16 lokale musikarar utgjer det nystarta storbandet. Debutkonserten deira var også historias fyrste utekonsert på Det historiske tunet på Lyngheim.
Mange hadde teke turen, godt førebudde på det som måttekoma av regn, og fekk oppleva både gode, gamle storbandlåtar og latinamerikansk musikk frå Old Timers Bigband.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trompetist Hallvard Lyssand, etter eige utsegn tvinga til å ta mikrofonen fordi han er to generasjonar yngre enn resten av bandet, kunne trøysta publikum med at det hadde byrja å drypa under teltet der bandet stod også.
- Ta ein dåke kan
Det la likevel ingen dempar på energien til både solistane og resten av bandet.
- Dei som har spelt ute på Os ein sein kveld, er kanskje ikkje heilt ukjende med kommentarar frå salen som "ta ein dåke kan!". Det er ein vits som aldri går av moten. Og no skal me gjera nettopp det - ta ein me kan, eller som me i alle fall liker svært godt å spela. Denne har Luranes store pianoson, Åsmund Brekke, teke med seg frå Brasil, kunne Lyssand fortelja.
Russland, Romania og Ungarn
Etter ein pause, der delar av tida gjekk med til å kosta vatn av presenningen over scenen, var det klart for musikk med røter i Russland, Romania og Ungarn.
Gjertruds Sigøyneorkester består av sju musikarar (laurdag var dei seks) frå Tromsø i nord til Budapest i sør. Dei har spelt i lag i meir enn 25 år, og at dei var samspelte, vart klart frå fyrste tone.
Åsmund Brekke har tidlegare uttalt at ein ynskjer å gjera Lyngheim også til ein scene for musikk og konsertar. Laurdag fungerte det godt, trass i regnet.