Musikal-gjengen frå Fusa vidaregåande fekk gode tilbakemeldingar frå publikum etter at dei var ferdige onsdag.
Musikal-gjengen frå Fusa vidaregåande fekk gode tilbakemeldingar frå publikum etter at dei var ferdige onsdag.

Fekk løn for strevet

Amalie Holmefjord og klassekameratane har jobba hardt for å koma i mål med den eigenproduserte musikalen. No kan dei endeleg senka skuldrane etter vellukka framsyningar i går.

- Det gjekk kjempeflott. Eg må skryta av alle klassekameratane mine, som alle gjorde ein veldig god jobb, seier Holmefjord.

Nervar i heilspenn

Holmefjord og medelevane på studieførebuande på VG2 på Fusa vidaregåande, har den siste tida jobba hardt for å skapa sin eigen musikal. Dei har laga både manus og dansar. Songane har dei "lånt".

Artikkelen held fram under annonsen.

Under generalprøven tysdag oppdaga dei at dei ikkje hadde heilt kontroll. Elevane tok grep for å få framsyninga til å sitja som eit skot. Nervane stod likevel i heilspenn før dei gjekk på scenen.

- Me var vel nervøse alle mann. Men då me gjekk på scenen, verka det som om alle klarte å roa seg ned, seier Holmefjord.

Til inntekt for studietur

Elevane kjem frå Fusa, Os, Arna og Søfteland. Det gjer at dei trekte til seg både lokale og tilreisande publikumarar.

- Det var bra oppmøte. Om lag så mange som me hadde venta. Dei kom også med mange fine tilbakemeldingar, seier Holmefjord.

Alt i fjor starta dei å snakka om å laga musikal. Den kreative klassen ønskte å gjera noko anna enn å berre ha kakesal til inntekt for ein planlagt studietur som er rett kring hjørnet.

- Ei gruppe skal til Berlin, og den andre til Madrid, og me jobbar med å få inn pengar til turen. Me ville finna ein ny og god måte me kunne tena inn pengar på, og slik blei musikalen til. Det skal seiast at me har hatt kakesal òg, smiler Holmefjord.

Musikal som teambuilding

Elevane har erfaring frå musikalar frå ungdomsskulen, men ingen av dei har vore med og setja opp ei eiga framsyning. Det har likevel ikkje vore sure miner å spora etter lange øvingsdagar på skulen. Musikalen har tvert i mot gjort at elevane har kome tettare på kvarandre enn før.

- Eg har sett nye sider ved medelevane mine, og det har vore utelukkande postivit. Me har hatt det kjempekjet i lag, seier Holmefjord.