Fargerikt ektepar med stort repertoar
I morgon er det opning av Xan og Julie Kronh-utstillinga i Oseana. Ekteparet var mest kjent i Russland, men Xan kom frå Bergen.
Ein gut ved namn Christian Krohn vart fødd i Bergen i 1882. Faren var frå Bergen, mor hans var frå Sjørsand i Fusa. Alt i ung alder møtte guten store utfordringar.
- Christian fekk ein dramatisk start på livet. Alt som lite born vart han forlaten av foreldra. Dei drog til USA for å søkja lukka, fortel kurator ved Griegsamlinga i Osean, Marianne Gathe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Christian flytta til ein onkel i Oslo og byrja deretter å måla. For å unnga forveksling med meir kjende Christian Krogh endra han deretter namn frå Christian til Xan - eit namn som med tida skulle bli kjent, i alle høve i Russland.
God make
I 1907 møtte Xan si komande kone Julie i Paris. Også ho var målar. Dei to drog like etter til Russland og busette seg som målarar først i Kiev, deretter i Moskva.
Begge plassane opparbeidde dei seg stor anerkjenning for målaria sine.
- Xan og Julie vart rett og slett kjente og høgt akta målarar, og dei var så absolutt representantar for det me i dag kallar den russiske avantgarde-stilen, fortel kurator Gathe.
Julie vart ein god make for bergensaren Xan, og dei to var svært så produktive, spesielt i perioden frå 1907 til 1917.
- Dei budde i Russland til revolusjonen braut ut. Etter det fann dei det naturleg å flytta heim til Noreg. Her sleit dei med å få anerkjenning for kubisme- og avantgardestilen. Difor byrja dei etter kvart å måla meir natur-realistiske bilete. Sjølv må eg seia at bileta frå Russland-tida er langt meir spennande, seier Gathe.
Picasso-type
I Griegsamlinga i Osena vert det frå og med i morgon av mogleg å sjå kring 60 av måleria av Xan og Julie. Kurator Gathe føler ho har klart å få tak i eit representativt utval.
- Dei var som nemnd veldig produktive, men eg har fått tak i litt frå kvar epoke. Eg har også eit par måleri frå Xan's son Oleg Krohn, som vart drept av tyskarane i Noreg i 1944, fortel Gathe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oleg var ikkje born av Julie.
- Xan var på mange måter ein Picasso-type. Han var svært glad i kvinner og fekk ein skokk med born rundt om kring. Oleg kom lutfattig frå Russland til far sin i Oslo i 1923, fortel Gathe.
Austerisk baron
Ekteparet Krohn oppnådde aldri stor kommersiell suksess her til lands, men i utlandet var dei kjente og arbeidet deira følgjeleg ettertrakta.
- Den dag i dag er det stor interesse for Xan og Julie. I morgon får me til dømes vitjing av ein austerisk baron, som kjem eins ærend til Os for å sjå utstillinga. Me håpar både han og alle andre som vil koma finn utstillinga spennande og interessant, seier Gathe.