Europameister i blomebinding til Os
Tidlegare europameister i blomebinding, Kristin Voreland, kjem til Os hagelag førstkomande tysdag.
Samlinga vert som vanleg i Mattiaskjellaren på Kuven. Her vert det demonstrasjon av blomedekorasjonar, binding av kransar og liknande. I tillegg vil Voreland visa dei frammøtte grunnprinsippa for korleis å byggja opp ein fin oppsats til å pynta på bord og hyller med.
Kreativt yrke
Kristin Voreland driv firmaet «Atelier Flora AS» i Bergen. Kreativitet og skaparglede er to stikkord som er viktig i det å laga fine bukettar. Når Kristin får i oppgåve å laga ein blomebukett likar ho å ha frie tøylar og bruka sin eigen kunnskap.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er utruleg glad i dette yrket og eg har ikkje angra ein dag på at eg byrja med dette. Det er ikkje ein dag som er lik, seier Voreland. Kristin har vunne mange prisar og er kåra til meister i blomebinding i Bergen, Oslo, Norden og i Europa.
Hagelaget oppfordrar dei frammøtte til å ta med seg noko frå eige hage til å jobba med.
- Dei kan til dømes ta med seg ein sibirkornell, vrihassel, physalis, hosta, roser, georginer eller liknande. Alle typar blader og greiner er også fint å gjera noko med, seier Jan Helge Gram Eggestøl i Os hagelag.