Vertavo spelar i Griegsamlinga i Oseana torsdag. (Privat foto)
Vertavo spelar i Griegsamlinga i Oseana torsdag. (Privat foto)

Etterspurd kvartett til Oseana

Oseana-direktøren reknar dei blant Europas beste strykekvartettar. Torsdag kjem Vertavo til Oseana.

- For oss som er glad i klassisk musikk er det verkeleg stort å få strykekvartetten Vertavo på besøk i Oseana. Dette er ein veletablert kvartett som etter mi meining er blant Europas beste, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Han røper at det er Oseana som har ordna midlar til den vesle vestlandsturneen som kvartetten no er på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Turneen er finansiert gjennom støtte fra Norsk Kulturråd og Hordaland Fylkeskommune og organisert i samarbeid med Kulturhusnettverk Vestlandet.

Det er vi som er initiativtaker til prosjektet, som har skaffet finansiering og etablert nettverket.. På denne turneen spelar dei på Stord, Bømlo, Os og Voss, fortel Lindeberg.

Medverka på 50 album

Den norske strykekvartetten vart stifta i 1984 av Øyvor Volle, Nora Taksdal og Berit og Bjørg Værnes. I dag er Nora Taksdal erstatta av Anabella Meare.

Kvartetten har motteke ei rekkje prisar, spelt inn seks soloalbum og delteke på meir enn 50 album saman med andre artistar. Blant artistane dei har samarbeidd med finn du a-ha, Anne Grete Preus, Hot Club de Norvége, Jon Larsen, Maj Britt Andersen, Knut Værnes, Krøyt og trekkspill-spelaren Per Arne Glorvigen.