- Vi har fått beskjed om å kle oss litt engleaktig og lyst som ein kontrast til svartkledde Enslaved. Det er litt leit at vi ikkje får ta oss ut med mørke kle og tung sminke, men sånn er det, humrar leiar av Tilslørte Bondepiker, Karianne Maltun.

Englar og demonar

Laurdag korar Tilslørte Bondepiker Enslaved på Verftet i Bergen. Medan damene stiller i kvitt, kjem karane garantert i svart.

- Vi har fått beskjed om å kle oss litt engleaktig og lyst som ein kontrast til svartkledde Enslaved. Det er litt leit at vi ikkje får ta oss ut med mørke kle og tung sminke, men sånn er det, humrar leiar av Tilslørte Bondepiker, Karianne Maltun.

Den songglade veninnegjengen står overfor si største utfordring hittil. Nemleg samklang med eit av noregs mest kjende metall-band.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ei blanding av "wow, dette er kult", og at det er gøy å ha noko slikt på merittlista, seier ho.

Tilslørte Bondepiker var kjappe i vendinga då dei tidlegare i veinter såg at Enslaved søkte etter eit kor til ein av låtane på den komande Bergens-konserten.

- Vi fekk ein svært hyggeleg mail tilbake der dei ynskte oss velkomen på laget, seier Karianne som ikkje har møtt bandet live enno.

Det vestlandske metall-bandet Enslaved har halde det gåande i over 25 år. (Presse
Det vestlandske metall-bandet Enslaved har halde det gåande i over 25 år. (Presse

- Men vi skal øva saman på laurdag, så det blir spennande.

Mørkt og skummelt

Ho vedgår at dei truleg får oppleva eit heilt nytt publikum enn dei tidlegare har hatt.

- Det blir nok både mørkare og "skumlare" enn vi er vane med, ja.

- De er ikkje litt redde?

- Nei, det er ingen som er redde. Vi er jo alle damer som er over vår fyrste ungdom. Då er det stas å få vera med på noko slikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva seier ungane til at mamma skal opptre på rockekonsert?

- Eg har faktisk ikkje snakka så mykje om det heime, så eg veit faktisk ikkje, ler ho.

No oppmodar Karianne osingane til å ta turen til Bergen laurdag.

- Er de klare for verdsturné om Enslaved vil ha dykk med?

- Ha-ha, det tvilar eg på,