Endrar planane for draumejobben
Ingrid Søfteland Neset utset siste del av utdanninga for snarast å tiltre i jobben som solofløytist i Stavanger Symfoniorkester. - Må gripa sjansen, når ein får draumejobben, seier osingen.
24-åringen vedgår at planane måtte endrast då ho blant 186 søkjarar fekk jobben som solofløytist i Stavanger Symfoniorkester. I vår gjorde ho seg ferdig med masterutdanninga ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. No i haust starta ho på ei såkalla diplom-utdanning for fløytesolistar.
- Etter planen skulle eg ha avlagt eksamenskonsert til våren. No utset eg siste halvårsstudiet til hausten 2016, så får avslutningskonserten leggjast til ein gong ut på våren i 2017, fortel Ingrid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Konserten for fullført diplom-utdanning som fløytesolist vert tradisjonen tru arrangert i konserthuset i København.
- Det blir eit høgdepunkt i karrieren, men nett no får det venta litt, seier Ingrid, på telefon frå København denne veka.
Heim til fjell
No førebur Os-jenta seg på retur til moderlandet Noreg. Nærare bestemt, Stavanger.
Etter tre og eit halvt år i Danmark har musikaren så absolutt kjent på saknet.
- Det skal bli godt å koma heim igjen. Eg har hatt det veldig fint i Danmark, men eg gler meg til å koma heim til fjell og norsk natur, seier den turglade jenta.
Ho gler seg også over å koma nærare familie og vener.
- Det er ikkje lange vegen frå Stavanger til Os - slik sett vert det litt enklare, seier ho.
- Var det viktig for deg å koma heim, eller var du open for jobbar andre stader?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje all verda med solofløytist-jobbar i Noreg, så i utgangspunktet var eg open for å reisa kvar som helst. Men når sjansen no baud seg, måtte eg sjølvsagt gjera eit forsøk.
Lang prosess
At ho til slutt stakk av med den etterspurde jobben i Stavanger Symfoniorkester, kom som ei hyggjeleg overrasking etter ein konsert i Stavanger Konserthus tidlegare denne månaden.
- Mot slutten av tilsetjingsprosessen var me to kandidatar igjen. Begge fekk tre veker med prøvespel. Tydelegvis gjorde eg eit godt inntrykk, seier 24-åringen smålåtent.
Men det var slett ikkje noko slumpetreff at osingen enda opp med jobben. Ingrid måtte gjennom ei rekkje intervju og prøvespelingar før ho vart funnen verdig.
- Det heile starta i mars. Då var eg blant over 89 søkjarar som vart innkalla til intervju. Etter første dag var me nede i 40. Etter den andre var me nede i ti. Deretter var det altså meg og denne andre kandidaten som fekk tre veker med prøvespel, forklarer Ingrid.
Startar i januar
Med 100 prosent-stilling i Stavanger Symfoniorkester vert det vanskeleg å fullføra studiet i København no.
- I alle høve i starten ser eg det som vanskeleg å kombinera dette. No vil eg først av alt fokusera på å koma inn i jobben i Stavanger, så får eg sjå om eg ikkje kan fullføra studia neste haust, seier Ingrid, som startar opp i Stavanger i januar.
Ein av dei som var sentrale i tilsetjingsprosessen av Ingrid, personalsjef i Stavanger Symforniorkester, Arve Rosell, ser fram til å få sin nye solofløytist i orkesteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Etter mi meining var det ingen veg utanom Ingrid. Ho var best på prøvespelinga, og best totalt sett. Dessutan verkar ho som ei kjempekjekk jente. Det blir spennande å få ho som fast medlem, seier Rosell.