Martin Halla, Celine Helgemo, Øystein Wiik, Heidi Gjermundsen Broch, Eirik Søfteland, Maria Karlsen, Tommy Fredvang, Maria Haukaas Mittet, Knut Erik Østgård og Trine Rein.
Martin Halla, Celine Helgemo, Øystein Wiik, Heidi Gjermundsen Broch, Eirik Søfteland, Maria Karlsen, Tommy Fredvang, Maria Haukaas Mittet, Knut Erik Østgård og Trine Rein.

Eirik i Stjernekamp

Laurdag kveld står Eirik Søfteland på scena i NRK1s Stjernekamp.

Osingen Eirik Søfteland er ein av ti deltakarar i haustens utgåve avStjernekamp. Fyrste program går på lufta i morgon kveld kl 19.55. Denne gongen er det ingen som vert stemt ut. Stemmene som kjem inn vil derimot få betydning for kven som ryk ut neste laurdag.

Laurdagens tema er forresten norsk rock. Ein sjanger som burde passa Søfteland-guten perfekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noregs ultimate entertainar

Kvar veke skal artistane utfordrast i ulike musikksjangrar, og ein av dei skal til slutt stå igjen med tittelen "Noregs ultimate entertainar".

I tillegg til Eirik Søfteland deltek Øystein Wiik, Heidi Gjermundsen Broch, Martin Halla, Celine Helgemo, Trine Rein, Maria Karlsen, Tommy Fredvang, Knut Erik Østby og Maria Haukaas Mittet.

Musikkjournalist Mona B. Riise og rocker Thomas Felberg er fast ekspertpanel, medan Kåre Magnus Bergh er programleiar.