Sofie Evensen og Joakim Sælen fekk overrekt Os kommunes kulturstipend 2015 av ordførar Terje Søviknes.
Sofie Evensen og Joakim Sælen fekk overrekt Os kommunes kulturstipend 2015 av ordførar Terje Søviknes.

Ein uthaldande og ein treffsikker stipend-mottakar

I kveld fekk kappgjengar Joakim Sælen og skyttar Sofie Evensen overrekt Os kommune sitt kulturstipend på 20.000 kroner kvar. Sofie er den yngste som har fått dette stipendet.

Stipendoverrekkinga var lagt til Oseana kunst- og kultursenter. Dei to unge idrettstalenta fekk sin fortente sjekk og heider i forkant av Os kulturskule si juleframsyning «Fjøsnissen Borg».

Verdige mottakarar

- Me synest dette er to verdige mottakarar. I fjor gjekk stipenda til ein artist - Aurora Aksnes - og ein idrettsutøvar - Ariel Braathen. I år vart det to idrettsutøvarar. Slikt vil variera frå år til år. Denne gongen meinte me at Joakim og Sofie var dei som best legitimerte og fortente ei ekstra støtte frå kommunen, seier kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med ordførar Terje Søviknes stod ho for den offisielle overrekkinga.

I år, som i dei to føregåande åra, fekk begge stipendmottakarane 20.000 kronar kvar.

- For 2013 og 2014 fekk me dispensasjon til å gje såpass til kvar. Frå og med i år av er dette ein sum som er vedteken i formannskapet, seier Axelsen.

- Dette er to verdige mottakarar, sa kultursjef Lisbeth Axelsen.
- Dette er to verdige mottakarar, sa kultursjef Lisbeth Axelsen.
Joakim Sælen i lag med ein stolt pappa, Bernhard, og ei like stolt mor, Nina.
Joakim Sælen i lag med ein stolt pappa, Bernhard, og ei like stolt mor, Nina.
Her er kulturpris-diploma som Joakim Sælen og Sofie Evensen fekk utdelt.
Her er kulturpris-diploma som Joakim Sælen og Sofie Evensen fekk utdelt.

Kjekk jobb

- Dette er noko av det aller kjekkaste eg gjer som ordførar, sa Søviknes under overrekkinga.

Han var glad for å kunna dela ut stipenda til to talentfulle unge utøvarar i to idrettar som begge har lange tradisjonar i Os.

Han fortalde at Sofie har vunne 13 av 35 stemne som ho har delteke i, med LS som det desiderte høgdepunktet.

Joakim starta sin karriere som 7-åring, og deltok i EM i 2012. I fjor vann 22-åringen NM innandørs og tok to sølv i utandørsmeisterskapen.

Drøymer om OL

Eldstemann av mottakarane har planen klar for kva han vil bruka stipendet til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er kjærkomne pengar som vil gå til utstyr, reiser og utgifter på treningssamlingar og slikt, seier Joakim Sælen.

22-åringen som tevlar for TIF Viking har fleire mål for komande sesong. Det største er moglegvis vanskeleg å oppnå.

- Eg har jo lyst til å få dra til OL i Rio, men det er tøffe tidskrav på 20 km. I Noreg er kravet på 1.21,00. Det er nokre minutt raskare enn eg har prestert til no, seier norenesingen.

Han har personleg rekord på 1.28,05 frå 2014 på distansen.

- Elles har eg som mål å gjera det bra i NM og hevda meg i V-cupen i mai. Sistnemnde konkurranse skulle eigentleg ha gått av stabelen i Russland, men etter at dei mista arrangementet grunna dopingskandalen for litt sidan, er det framleis uvisst kvar V-cupen vert arrangert, fortel Sælen.

Ønskjer ny børse

Den yngste stipendmottakaren i historia, Sofie Evensen, var strålande nøgd under utdelinga onsdag kveld. 13-åringen, som på sensasjonelt vis vann rekruttklassen i Landsskyttarstemnet no i sommar, var ikkje førebudd på at ho skulle få stipendet overrekt denne kvelden.

- Me har halde det hemmeleg for ho. I dag var ho her for å sjå på «Fjøsnissen Borg», fortel pappa Jan Kristian Evensen.

Han kunne leggja til at det er ei ny børse som står øvst på ønskelista til dottera.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Komande sesong vert ho Eldre Rekrutt. Det vil seia at ho kjem til å tevla mot skyttarar på inntil 15 år. Då må ho ha skikkeleg utstyr. Draumen er å kjøpa ein Sauer 200. Den kostar kring 26.000 kroner, fortel pappa Evensen.

- Og det blir det no ei råd med?

- Ja, me får vel nesten seia det.

Om målet for komande sesong seier han dette.

- Me fekk jo skikkeleg blod på tann i sist LS - både me i familien Evensen, og heile skyttarlaget. Hovudmålet for sesongen 2016 blir å gjera det bra i Målselv i Troms komande sommar. Med så mange gode skyttarar som det Os Skyttarlag no har, har me gode sjansar til å hevda oss i fleire klassar, seier Jan Kristian Evensen.