Måndag fortel Patricia Langeland om si dramatiske historie frå Chile under Pinochet.
Måndag fortel Patricia Langeland om si dramatiske historie frå Chile under Pinochet.

- Ein tragedie og eit mirakel

Patricia Langeland vitjar Os senioruniversitet måndag og fortel om hennar og sonens flukt frå diktatoren Augusto Pinochet.

Sjølv om det var CIA som hjelpte tidlegare general Augusto Pinochet å ta makta frå Salvador Allende i 1973, var regimet han innførte langt verre. Å vera politisk aktiv var svært risikabelt i landet der alle andre parti enn diktatoren sitt var forbode.

For Patricia Carolina Garcia Oñate, som måndag held føredraget «Ein tragedie og eit mirakel», tok det til i 1983.

Artikkelen held fram under annonsen.

18 år gamal flytta Patricia heimafrå for å studera dans og drama i hovudstaden Santiago. Samtidig var ho aktiv i studentpolitikken i byen som var senter for diktatorens skrekkvelde. Desse idealistiske unge studentane ville ha demokrati og prøvde å skaffa internasjonal merksemd om saka. Det var starten på den rørsla som seinare skulle få namnet Concertaciõn, ein sentrum-venstre-koalisjon som til slutt fekk gjennomslag for demokratiske val i Chile.

Drap kjærasten

Mange vart tekne, og Patricia merka at ho vart halden under oppsikt og telefonsamtalar vart avlytta.

Midt oppi det heile møtte ho ein ung lege som brann for det same som Patricia. Han hjelpte sjuke i fattige område på alle vis, og dei vart glade i kvarandre. Våren 1987 var det klart at dei venta barn saman. Men så skjedde det tragiske: Den unge legen og kjærasten til Patricia vart funnen drepen. Den einaste "feilen" han hadde gjort var å hjelpa andre. Han døydde av skader han hadde fått under tortur.

Seks månader seinare kom vesle Sebastian til verda. Patricia var då 22 år gammal og no var det ikkje berre seg sjølv ho hadde ansvar for. Tanken på å flykta til eit anna land blei aktualisert. Åleinemora søkte om asyl i Australia og Canada - men fekk avslag. Men midt i det håplause kom ein telefon frå den norske ambassaden i Santiago. Ei dame hadde høyrd om henne og barnet. Patricia kunne nesten ikkje tru det - ho var nær ved å gje opp alt håp.

Frå Santiago til Brandbu

På ambassaden tok dei godt imot dei - her var ho ikkje lenger på chilensk jord og ho kjende at ho kunne pusta litt ut - det var lenge sidan ho hadde klart det.

Patricia fekk status som FN-flyktning og ikkje lenge etter sat ho og Sebastian på flyet til Noreg. Ho måtte forlata familie og vener - ikkje alle fekk ho seia farvel til og det var sjølvsagt tungt.

Framme i Noreg fekk ho husvære på ein gard i Brandbu - ein stor overgang frå storbyen Santiago. For å lære seg norsk starta ho på folkehøgskule. Der trefte ho norsklæraren Vidar Langeland. Amors piler trefte dei og etter ei tid blei det til at Vidar tok Patricia med seg til Os der foreldra hans budde. Då det i Chile er viktig med familie, ville Patricia gjerne at dei flytta til Os - og slik blei det.

Historia held fram

Her kunne vi sagt at "resten er historie" og "they lived happily ever after" - men mellom anna som aktiv i Kulturskulen i Os, held historia til Patricia fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje få born som elskar henne - ho har lærd dei dans og drama frå Chile, og med sin dramatiske bakgrunn har ho mykje å læra bort ikkje berre til born, men også til vaksne.

Sjølv er ho takksam og meiner at ho var heldig som kom til Noreg - trefte Vidar og kom til Os. Ho og Vidar har vore tilbake i Chile og møtt nokre av hennes tidlegare vener - nokre av dei er ikkje meir.

På Senioruniversitetet i Oseana måndag kan du høyra Patricia fortelja si eiga historie og kva ho meiner om flyktningar og korleis vi gjerne tar imot dei. Her er noko å læra for fleire av oss. Patricia seier sjølv ho alltid vil vera ein flyktning.

Sjå annonse i laurdagsavisa.

Os Senioruniversitet Ingun Meiler