Vidar Bratlund-Mæland, med skulpturen Ost og vin. Skulpturvandring.
Vidar Bratlund-Mæland, med skulpturen Ost og vin. Skulpturvandring.

Ei annleis vandring gjennom Os

Os kulturutvikling oppmodar publikum til å lytta til, stryka på og snakka med skulpturane som i sommar skal pryda Øyro. Laurdag opna SkulpTur 2015.

17 skulpturar frå Kyrkjeflaten til Oseana, gjort av 12 ulike kunstnarar, to av dei lokale, utgjer årets sommarutstilling.

Laurdag stod Per Grieg sr. for den offisielle opninga på Kyrkjeflaten. Mange kunstinteresserte hadde funne vegen, og fekk høyra Grieg rosa Os kulturutvikling for initiativet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei, med Arne Mæland i spissen, er og har vore ei livgjevande kjelde til store kunstnariske opplevingar. Dei har i høg grad auka høva for den enkelte til å utvikla sin sans for kunst på alle område, sa han.

Ekstraordinært

For Grieg sr. sjølv er kunst det som gjev den enkelte ei ekstraordinær oppleving.

- Kunst er subjektivt. Dersom du blir flyt av glede, engasjert eller sint ved å sjå eit bilete, ein skulptur eller eit hus for den saks skuld, ei vakker heading på fotballbanen, eller ved å høyra eit musikkstykke, så er det kunst for deg. Det meiner eg ingen skal få tukla med.

Kunst var det i alle fall då dansarar frå kulturskulen avslutta seansen på Kyrkjeflaten med eit utdrag frå framsyninga Verbo, som vert å sjå i sin heilskap i Oseana 18. juni.

Engasjert Eikaas

På vandringa gjennom Os følgde fleire av kunstnarane med, og gav publikum sine tankar kring skulpturane.

Stig Eikaas, mellom andre, fortalde med stor innleving om bakgrunnen for granitt-skulpturen av Anders Askevold, som er å sjå ved rådhuset midt i sentrum.

Ost og vin

Arne Mæland sitt bidrag til årets sommarutstilling er Sankta Sunniva, ein marmorskulptur som står og skuar utover Kyrjeflaten.

Sonen, og det andre lokale bidraget til årets utstilling, Vidar Bratlund-Mæland hadde lete seg inspirera av Walt Disney i utarbeidinga av «Ost og vin»-skulpturen i bronse og granitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut august

Dei andre kunstnarane som stiller ut er Kristian Blystad med «Båten», ein seks meter lang granitt-skulptur, John Audun Hauge med «Bølger i vann», Marit Lyckander, Sissel Berntsen, som inviterte publikum til å spela på skulpturane, Gunn Harbitz, Kjersti Wexelsen-Goksøyr med «Fire ansikter» som er å sjå på Torget, Nico Widerberg, Hjalmar Lothe og Knut Bryn.

Utstillinga, som erstattar Skulptursymposiet som har vorte arrangert annakvart år sidan 1999, vert ståande til 30. august. Men som Arne Mæland sa under opninga: "Vonleg kan nokon verta verande i bygda også etter det". Fleire av skulpturane er nemleg til sals.