Saman med makkeren Petter Anthon Næss, tek Elsa publikum med på høgdepunkt frå sitt lange liv, både i og utanfor rampelyset. (Pressefoto)
Saman med makkeren Petter Anthon Næss, tek Elsa publikum med på høgdepunkt frå sitt lange liv, både i og utanfor rampelyset. (Pressefoto)

- Eg gler meg til å vitja den vakre bygda

- Å, jeg ble i så godt humør da jeg hørte at jeg skal til et kulturhus som heter Oseana nå i september! Det minner meg om "Hoseanna i det høye", kvitrar den kjende skodespelaren Elsa Lystad på telefonen.

Laurdag 12. september kjem Noregs humordronning til Oseana med den kritikarroste framsyninga «Mitt liv som Elsa».

Saman med makkeren Petter Anthon Næss, tek Elsa publikum med på høgdepunkt frå sitt lange liv, både i og utanfor rampelyset.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Petter er mitt alter ego. I tillegg til at han er pianist og kapellmeister, er han samtalepartnaren min på scenen. Me spelar ball med kvarandre, og dialogen med han er det som gjer at me kan improvisera frå gong til gong, seier Elsa Lystad.

Nordfjording

Dei første åra av livet sitt budde Elsa og familien i Nordfjord - heimstaden til mora.

- Du må ikkje tru eg har gløymt dialekten derfrå, seier Elsa, og så slår ho brått over til kav nordfjordsk ei stund.

Me får til fulle demonstrert at ho er utruleg god på imitasjonar, både av folk og dialektar.

- Mor og far vart skilde då eg var lita, og me flytta til Oslo. Eg hadde ei fantastisk mor som eg kunne snakka om alt mogleg med, men det var likevel ein stor overgang for meg.

Måtte spela tøff

- Eg var veldig sjenert som liten, men måtte spela veldig tøff.

- Betyr det at du vart mobba då du kom til Oslo?

- Ja, du veit - når du er fødd med raudt hår og frekner - og attpåtil snakkar nordfjorddialekt, då har du ikkje mykje å stilla opp med. Eg måtte tidleg læra å forsvara meg, fortel ho på sin sjølvironiske måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ingen ungar som ikkje var redd meg, legg ho humrande til.

Glimt frå oppvekstmiljøet i Oslo på 1930-talet er sjølvsagt med i Elsa Lystad si framsyning.

- Blasert? Eg?

Artisten og mennesket Elsa Lystad er ein av dei mest folkekjære og ettertrakta skodespelarane me har i Noreg. Ho har reist rundt med teaterframsyninga «Mitt liv som Elsa» sidan sommaren 2012 - og har mest berre fått terningkast 5 og 6.

- Blir du ikkje litt lei og blasert når du har slik suksess?

- Blasert? Nei, det er det dummaste ein kan bli. Eg elskar å stå på scenen, og eg håpar folk skal forstå at eg storkosar meg, seier ho.

- Du må seia til osingane at me er veldig på no - og at me gler oss til å besøka den vakre bygda, avsluttar ho.

- Sprek som ein ungfole

- Elsa fylte 85 år i sommar, men er sprek og oppegåande som ein ungfole, seier manageren hennar, Peter Brandt.

Han fortel at dei har besøkt hundrevis av kulturhus rundt om i landet, og dei har bestillingar ut heile året og nesten heile neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Blir ho ikkje sliten av å farta land og strand rundt?

- Nei, ho er veldig lysten på å reisa rundt og opptre. Dette er rett og slett det kjekkaste ho veit! slår Brandt fast.

Populær og folkeleg

Skodespelaren Elsa Lystad slo gjennom midt på 1960-talet, og fekk snart merkelappaen "seriøs" skodespelar. Men aller mest er ho elska som grenselaus humorist, med eit trøkk og talent for improvisasjonar - noko ein kvar jazzmusikar berre kan misunne henne, fortel manageren.

- I denne framsyninga er det den frittgåande Elsa vi møter, det humoristiske mennesket med eit reflektert og sylskarpt skråblikk på tilværet sitt forunderlege persongalleri, henta frå eit levd liv i og utanfor rampelyset, seier Brandt.

Saman med sin musikalske "vaktmeister" Petter Anthon Næss byr ho på ei fantastisk feststund.

Skårar høgt

"Alle burde unne seg en Elsa!", skreiv Østlands-Posten og gav Elsa terningkast 6. Tønsberg Blad hadde følgjande overskrift:

"Smella går som et lykkehjul!", og gav framsyninga terningkast 5.