Slik kan det sjå ut når drakebåten susar av garde.
Slik kan det sjå ut når drakebåten susar av garde.

Drakebåtfestival i Os hamn

Freistar det å ta med seg kollegaene og kappro i ein kinesisk drakebåt i Os hamn? Siste helga i august har du sjansen.

Laurdag 29. og søndag 30. august inviterer Underholdning Vest til drakebåtfestival i Os hamn. Thomas Kristiansen og Rune Nilsen, som står bak Underholdning Vest, har henta inspirasjonen frå drakebåtfestivalane som vart arrangerte i Bergen på 1990-talet. No ber dei bedrifter og venegjengar om å melda på eigne lag. Det trengst ti stykker: Åtte padlarar, ein ved roret og ein til å tromma takta.

Parademarsj

Drakebåtfestivalen er perfekt for bedrifter, organisasjonar og venegjengar som ynskjer ein morsom dag med teambuilding, utfordringar og konkurranse, står det å lesa på arrangementets Facebook-side.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved servering av god mat på brygga, parademarsj, premiering av beste utkledning og mykje meir, er målet å skapa liv og røre både på land og vatn.

Søndag vert det bornas dag med hoppeslott, sukkerspinn og mange andre leiker og aktivitetar.