Dei fyrste artistane til Tysnesfest er klare
Her blir det garantert høgt partyfaktor.
Dei fem fyrste artistane er klare for Tysnesfest 2022 på ein heilt nyoppussa arena.
Dei fem er Synne Vo, CC Cowboys, Halva Priset, TIX og Staysman & Lazz.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sistnemnde har tidlegare sett publikumsrekord med tal publikummarar inne på Gjerstad arena klokka 19.00.
Ifylgje pressemeldinga frå Tysnesfest, tek Staysman & Lazz med seg eit lass med hitar, eit lass med godstemning og eit LASS med pyro når dei kjem for å avslutta torsdagskvelden.
Samtidig med artistlanseringa, slepper også Tysnesfest festivalpass, dagspass og camping- og hamnebillettar.
Full gass etter pandemien
I fylgje pressesjef Øystein Vaage, valde dei fleste av dei som hadde billettar i 2020 og 2021, å veksla desse inn i billettar til 2022-festivalen, så her bør ein kanskje ikkje venta for lenge om ein vil vera med på festen i 2022.
— 2020 var eit år me helst vil gløyma, og sjølv om 2021 gav oss både augeblikk med magi, glede og samhald var det og eit år i pausemodus.
Pressesjefen har berre ein ting å seia om neste sommar.
— Heilt ærleg så er det ikkje ein gong eit tema at det skal bli noko anna enn full gass i 2022!
Tysnesfest går av stabelen 6. 10. juli.