Dansarinna og dei blå fargetonane
- Eg kan ikkje forklare kvifor, men etter at eg kom til Noreg, har eg byrja å lika dei blå fargetonane, seier Modesta Butautyte frå Litauen. Neste helg har ho si debututstilling i Solbakkestova.Wenche M. Eriksen
Med ei ti år lang utdanning bak seg på ballettskulen National M. K. Ciurlionis Art School i Vilnius, er Modesta Butautyte (28) først og fremst dansar. Målinga starta ho med i 2011.
- Det ser ut til at alle viktige milepålar i livet mitt skjer på datoar eller årstal med 11 i seg, smiler Modesta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me møter henne i Solbakkestova saman med Arne og Vidar B. Mæland. Dei diskuterer utstillingsopninga fredag 13. november, og prøver å sjå for seg kvar dei ni måleria hennar skal plasserast.
- Dei første åra måla eg berre i sommarferien, resten av året gjekk med til dans og undervisning. No jobbar eg med måling kvar dag, og det rare er at etter at eg flytta til Noreg, har eg byrja bruka fleire variantar av blått i måleria. Det er ein ny og veldig mystisk farge for meg, fortel ho.
Inspirert av draumar
- Kva fekk deg til å byrja å måla?
- Det starta etter at eg drøymde ein heilt spesiell draum. Eg såg ei jente som stod med eit strålande lys i handa si, og det var som om ho lyste opp heile universet. Då eg vakna hadde eg ein intens trong til å uttrykkja meg gjennom fargar. Det einaste eg hadde i huset på det tidspunktet var kvite og brune pastellfargar, men det gjorde nytten, smiler ho.
Modesta er ein sjølvlært målar, og nyttar hendene framfor penslar når ho skaper bileta sine. Inspirasjonen hentar ho ofte frå draumar og visjonar ho har.
Tre av dei ni måleria ho skal stilla ut er akvarellar og resten er akrylmåleri. Dei fleste er opp mot to meter i breidda.
- Eg må jobba i store format, eg treng god plass når eg skal uttrykkja meg, seier ho.
Vil bli i Noreg
- Kva førte deg til Noreg?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hadde ei kusine som budde på Askøy, og i januar 2009 var eg på besøk hos henne. Eg likte meg så godt at eg bestemte meg for å koma tilbake ein dag. Og for ti månader sidan gjorde eg alvor av draumen min og flytta til Bergen, fortel ho.
Det var her ho møtte på Arne Mæland.
- Me vart sitjande og prata om kunst over ein kopp kaffi, og kjemien var der frå starten av. Eg er blitt kjend med så mange fantastiske menneske her i Noreg, og Arne er ein av dei mest positive eg har møtt på. Difor er det ekstra kjekt for meg at mi første utstilling vert her i Solbakkestova, seier Modesta.
- Eg elskar rett og slett Noreg, og har bestemt meg for å bli her. Ein ting er den flotte naturen og folket - de har også eit fantastisk godt vatn her! "It's just amazing!" utbryt ho, og legg til:
- Når ein veit at kroppen vår består av 70 prosent vatn, så er det så utruleg viktig både for kropp og sjel at vatnet me drikk er av god kvalitet.
- Livet har ei meining
For vel ein månad sidan flytta Modesta Butautyte til Våge på Tysnes, og her føler ho seg heime. Ho er alt i gang som danseinstruktør for lokale ungdommar, og vil byrja på norskkurs så snart det lèt seg gjera.
Ho mediterer og driv med yoga kvar morgon for å reinsa og roa kropp og sinn.
- Det er viktig å vera open og ærleg når ein jobbar med born og unge. Eg er også svært oppteken av dei store universelle spørsmåla i livet. Me må ikkje gløyma kvifor me er her på jorda. Livet har ei meining, og det er opp til kvar og ein av oss å finna ut kva livsoppgåve me har.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje Modesta speglar også denne livsfilosofien seg i mange av måleria hennar.
Dansar i verdsklasse
Sin unge alder til trass, Modesta har klart å utmerka seg som dansar både i heimlandet Litauen og i større internasjonale dansetevlingar.
- Eg var berre 11 år gamal då eg byrja på ballettskulen i Vilnius. Det er rundt 30 mil frå heimstaden min, så eg måtte bu på internat og fekk berre koma heim i jule- og sommarferien. Det var ikkje alltid like lett, fortel ho.
Det første året etter utdanninga jobba ho ved ulike teater- og operascenar i Vilnius, deretter etablerte ho sitt eige dansestudio i 2007.
- Draumen min var å få jobba med born og ungdom, og det fekk eg realisert. Eg underviser både i streetdance, hip hop og andre dansetypar som ungdommen likar.
I 2011 gjekk ho og gjengen hennar, Zuzu Crew, heilt til topps i ein dansekonkurranse mellom dei tre baltiske statane. Sjølv vann ho både i solo hip hop og "contemporary" dans. Gruppa hennar kom også på ein 8. plass i World Championship i Australia i 2011.
- Mange har sagt til meg at eg har vore veldig heldig som har fått realisert draumane mine. Nei, det handlar ikkje om å vera heldig! Eg hadde ein vanskeleg barndom, og eg har heller aldri vore spesielt talentfull - bak resultata ligg det målretta og hardt arbeid. Ingenting kjem av seg sjølv, seier ho.