Kunstnar Kari Aasen laga ein figur kvar dag i eitt år. Merkedagar er markert med gullmåling.
Kunstnar Kari Aasen laga ein figur kvar dag i eitt år. Merkedagar er markert med gullmåling.

Dagboka på utstilling

Kari Aasen har laga ein figur kvar dag i eitt år. På laurdag skal figurane hennar og andre kunstverk visast fram.

Kunstnar Kari Aasen er klar med utstillinga «Still Life» i Oseana. Utstillinga består av ulke kjeramiske verk som Aasen har jobba med i lang tid. Ho arbeidar med ulike nyansar av kjeramikk, som til dømes porselen og høybrent leire.

I galleriet I Oseana var Aasen denne veka i full sving med å hengja opp og setja opp utstillinga. Det mest iaugefallande kunstverket, er nokre små skulpturar, hengt opp på veggen og forma som ein ring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aasen forklarar:

- I heile 2014 laga eg ein skulptur kvar dag. Kvar skulptur er ein leirklump som eg har klemt rundt med begge hender.

Ein tidlegare periode lagde ho tre leirkrukker kvar dag.

Nokre av dei minste figurane skal liggja på golvet under utsillinga. Kari Aasen er ikkje bekymra for at nokon kjem til å tråkke på dei.
Nokre av dei minste figurane skal liggja på golvet under utsillinga. Kari Aasen er ikkje bekymra for at nokon kjem til å tråkke på dei.

- Det blir som ein dagbok. Ein stund skreiv eg til og med ned ting saman med skulpturen.

Under kvar skulptur er det rissa in dato. 1. januar er heilt nederst og dagane går kronologisk rundt med klokka.

- Først tenkte eg å byrja på toppen, men når eg skulle hengja dei opp kjentes ikkje det rett ut. Eg synast året byrjar nede og tek seg oppover mot sommaren. Mange er ueinige med meg, og eg tenkjer det er interessant kor ulikt vi opplev tid.

Inspirert av naturen

Meininga med namnet «Still Life» kjem av Aasen si inspirasjon frå naturen. Ho hentar fram nokon små porselensfigurar og vis fram. Dei er forma som diverse bladar, kvistar og blomar.

- Eg er mykje ute og går, og får med meg små detaljar. Det eg har gjort er å ta med meg små organisk materiale, for så å laga figurar ut av dei. Metoden eg har brukt, er å dyppa kvar ting eg tek med meg, i flytande porselen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjent i Os

Aasen kjem frå Bergen, men kunstverka hennar er godt kjent i Os. Tidlegare har fleire av kjeramikkverka hennar blitt selt i Os i ein butikk som no er nedlagt.

Aasen utdanna seg ved Bergen Kunsthåndverkskule, og lev no som ein etablert kunstner.

Kurator, Marianne Gathe, ved Oseana er veldig glad for å få Kari Aasen til Os.

- Det er alltid kjekt å ha nokon som har opparbeida seg et namn her. Det gjer at fleire kjem for å sjå. I tillegg er ho utruleg dyktig.