Helge Schei blir verkeleg lukkeleg av å få ringa i skipsklokka.
Helge Schei blir verkeleg lukkeleg av å få ringa i skipsklokka.

Cruise til å bli glad av

For enkelte var det nok med lyden av skipsklokka eller fløyten for å gjera dagen komplett. Dei andre gjestene på kommunecruiset i dag, hadde unge The Vossa Rebels til å få gang i rockefoten.

Kvart år i minst ti år har Os kommune spandert fjordcruise med musikk på ulike brukarar av kommunen sine tenester når det har vore arrangert musikkfestival i bygda.

Først Osøren Blues & Jazzfestival, seinare Osfest. I dag var det tid for den svært populære hendinga, og Os & Fusaposten fekk bli med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Midthordland legg frå kai presis klokka 12 er det med full båt.

- Alle dei 140 billettane er gått med, fortel ein strålande blid Terje Søviknes.

Med seg som ansvarleg for cruiset og konferansier, har ordføraren hatt Osfest-frivillig Espen Giertsen.

Gitarist Sondre Hegg (15) poserer saman med dagens rockekonge Truls Strømme.
Gitarist Sondre Hegg (15) poserer saman med dagens rockekonge Truls Strømme.
Espen Giertsen og Terje Søviknes er øvste sjefane for kommunecruiset. Her ønskjer Espen velkommen ombord.
Espen Giertsen og Terje Søviknes er øvste sjefane for kommunecruiset. Her ønskjer Espen velkommen ombord.
Ekte rockn roll.
Ekte rockn roll.

- Eg har gjort dette sidan 2008 og det er kjempekjekt, fortel han.

Han har stålkontroll på billetene, og når alle er ombord ønskjer Espen alle hjarteleg velkommen før dagens "husband" The Vossa Rebels går på scenen.

Unge talent

Dei tre musikarane er ikkje gamle karane. Bassist Sondre Styve er berre 12, bror og trommis Eivind Styve er 14 og Gitarist og vokalist Sondre Hegg er 15, snart 16.

Med tanke på alderen er det nesten uverkeleg at The Vossa Rebels alt har eksistert i seks år, men det forstår ein ut frå musikalsk kvalitet og publikumstekke.

Dette har også gjort at dei så langt er einaste band som har blitt booka til Osfest to gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og i dag lokka dei verkeleg fram rockefoten hos deltakarane på det årvisse kommunecruiset med Midthordland.

Mot slutten må venninnene Nina Hafstad og Margrethe Hauge opp å dansa litt, medan Truls Strømme tek heilt av og rockar som ein helt rett framfor bandet.

Ringte i skipsklokka

I det heile var stemninga svært god undervegs.

- Dette er jo berre til å bli glad av, strålar Terje Søviknes mot slutten av cruiset.

The Vossa Rebels har då spelt i eitt strekk i den halvanna timen det tek frå båten går frå kai og nesten til han legg til kai igjen.

Litt tid for eit par takketalar vert det likevel. Heldigvis.

Erling Mortensen har nemleg gledd seg lenge til å få snakka og takka, det same har hans gode ven og nabo Helge Schei.

Dei seier nokre velvalgte ord, før Espen får avslutta og ønskja alle vel heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Erling og Helge har det vore ein stor dag, for under båtturen fekk dei også koma opp i styrehuset og fløyta. Helge sytte også for å få ringt høveleg mange gonger i skipsklokka.

- Det er kjempegøy! fortel han med eit digert smil før ein god bamseklem vert delt ut.

- God tradisjon

- Eg er veldig godt nøgd med dagens cruise, slår Espen Giertsen fast når båten har lagt til kai.

Han likar godt musikken også.

- Eg har vore på konsert med dei før. I det heile gjekk alt veldig greit.

Espen syns det årlege cruiset er ein god tradisjon.

- Det er veldig kjekt å vera med å organisera og få vera konferansier også.

Kapteinen ombord, Arne Halhjem gler seg også kvart år til kommunecruiset. - Ja, dette er ein tur som eg alltid gler meg til. Vi har mange turar gjennom året, men denne er heilt spesiell.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Sylvia Selmi og Anita Dyrdal var det derimot førstereis. Dei hadde aldri vore verken på kommunecruise eller om bord i Midthordland. Begge deler gav meirsmak.

- Det var utruleg bra. Skikkeleg god stemning, bra musikk - litt sånn Grease, John Travolt-aktig. Og så fekk vi gode plassar fortel dei i munnen på kvarandre, boblande glade. Før Selmi konkluderer: - Her møter ein berre ekte folk!