Braka laus med Braza
Myrna Braza drog i gang frivilligfesten for Osfest-gjengen i Symrasalen laurdag kveld. Braza vert også å sjå på sjølve Osfesten i august.
Under festivalen 4.-6. august har dei alle mann henda fulle med arbeidsoppgåver. Laurdag kveld fekk dei frivillige ein sjans til å festa og å gle seg over å vera del av eit stort team som til saman skal gjera Osfest 2016 til den største og beste live-festen i Os i mannsminne.
Laurdagens fest markerer startskotet for alle som skal vera med å jobba. I tillegg til å kunna skryta av å ha bidrege til ein historisk festival får hjelparane festival-pass etter innsats.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei får ein dagspass for ein dags innsats, og fullt festivalpass for to dagars innsats. For dei mest ivrige som jobbar i tre dagar ventar det VIP-pass, fortel festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.
- Men dersom dei skal jobba to-tre dagar, korti skal dei då få brukt passet?
- Det er mykje som skal gjerast både før og i etterkant av arrangementet, så dei som bidreg finn sikkert ein måte å løysa det på, seier Berg-Olsen.
Frå før har dei 660 villige på "interessert-lista". Laurdag melde 123 seg.
Treng fleire enn i fjor
Under Osfest i 2015 var kring 300 frivillige i sving. I år treng dei truleg fleire.
- På borne- og familie-konserten med Markus og Martinus bør me ha veldig mange vakter. Elles har jo arrangementet bygd på seg i alle endar og baugar, så me treng me bortimot 400 frivillige for å ha eit solid og godt arrangementsapparat, seier festivalsjefen.
Han legg til at det sjølvsagt er mogleg å melda seg til tjeneste sjølv om ein ikkje fekk med seg Osfest-vorspielet på laurdag.
- Me har ei rekkje arbeidsgruppar som skal setjast saman: Miljøgruppe, bar- og serverings-gruppe, mat-gruppe, vakt-gruppe, backstage-gruppe, parkerings-gruppe, rigge-gruppe og mange fleire. Me har alltid bruk for folk som vil hjelpa, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
To nye namn
I tillegg til dei ti artistane som til no har vore annonserte fekk dei frammøtte på Osfest-vorspielet opplyst at Myrna Braza og Trine Rein også vert å sjå på festivalen denne sommaren.
Myrna Braza og bandet hennar, inkludert kjærasten og trommisen Thomas «Tomtom» Haugland frå Søfteland takka for tilliten med å gje dei frammøtte i Symrasalen laurdag ein herleg smakebit på kva dei er gode for.
Programmet for Osfest er frå før av som følgjer:
Hovudscenen fredag:
* Vamp
* Frode Alnæs
* Maya Vik
* Odd Nordstoga
Artikkelen held fram under annonsen.
* Suzanne Vega
Hovudscenen laurdag:
* Donkeyboy
* Sigvart Dagsland
* Nik Kershaw
* Neil Finn
* Mike and The Mechanics
I VIP-teltet torsdag spelar Heine Totland.
Artikkelen held fram under annonsen.