Bokstavar og brennmaneter
Marie og Marius gå i Jettegryto barnehage. Det er helst Marius som snakkar, han går rundt på golvet med fingeren i veret.
- Me lagar ting og tang og alt mogeleg, svarar Marius nesten før me har stilt spørsmålet.
- Og alle dei bokstavane der, seier Marie og peikar på alfabetet på veggen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me lurer på om dei kan alle bokstavane.
- "A", sant? A er min bokstav. Det er A i Marius.
- "Mm" for Marie, seier Marie.
- Ja. A, a, a! Adam byrjar på A, forklarer Marius.
I barnehagen har dei hatt om å hjelpa folk.
- Me må ikkje skubba, seier Marie.
- Ikkje skubba, heller ikkje bita folk og ikkje snakka stygge ord. Og ikkje skubba baklengs og ikkje krangla. Me skal vera greie i barnehagen, seier Marius.
- Eg har katt heime! Me må laga mat til katten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg óg, eg hadde fire. Dei andre er forsvunne.
- Eg har to kaniner, min heiter Duck og Vilde sin heiter Dolla.
- Katten treng mat når han er svolten, seier Marie.
Er det andre enn dyra som treng hjelp, lurer me på.
- Eg treng litt hjelp, eg óg. Og så dei som er utanfor og skadar seg, kjem det frå Marius.
- Dei som knekk fotane, seier Marie.
- Og gamle folk, slik at dei ikkje skadar seg og får ei brennmanet på ryggen sin.
- Eg fekk ei brennmanet, hugsar Marie.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har sett ei blå ei! ropar Marius.
- Ein blå diamant, seier Marie som fann noko finare å tenkja på.
- Ja, ein blå og ein grøn og ein raud diamant, kjem det frå Marius.
Nedanfor bokstavane på veggen er det ein plakat med teikningar som fortel korleis borna skal oppføra seg.
- Det er viktig at me tek opp handa når me vil snakka, kjem det frå Marie.
- Me må ha munnen igjen når me snakkar, ikkje pirka på nokon og høyra godt etter, seier Marius.
Så skal me ta foto, og guten og jenta set seg fint på benken. Då blir dei igjen tankefulle.
- Skal me eigentleg i Fusaposten, skal du laga oss i Fusaposten? lurer Marius på.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er journalist og skal skriva om dåke i avisa.
- Så du er postmannen?
MH