Fusa kommune, i samarbeid med Universitetet i Bergen, har gjort ei redigering av originalmanuset og presenterer det i ei vakker og vel gjennomarbeidd bok med tittelen «Gasta greie».
Fusa kommune, i samarbeid med Universitetet i Bergen, har gjort ei redigering av originalmanuset og presenterer det i ei vakker og vel gjennomarbeidd bok med tittelen «Gasta greie».

Bokmelding: Etande god

Sjeldan eller aldri har denne meldaren sett ei så flott bok om eit til tider vanskeleg og lite tilgjengeleg emne.

Gasta greie

Ord og uttrykk frå Fusa

Etter eit originalmanuskript av Lars Holdhus

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusa kommune 2016

Hausten 1992 starta journalist Kåre Dalland og sambygdingen Lars Holdhus ein serie i Os og Fusaposten under namnet "Frå ordarven" der dei presenterte gamle ord og uttrykk som heldt på å gå or bruk. Serien var i hovudsak basert på eit originalmanus av Lars Holdhus med tittelen «Gamle ord og uttrykk frå Hålandsdalen i Fusa», og heile 410 innlegg kom i avisa dei neste seks åra.

No har Fusa kommune, i samarbeid med Universitetet i Bergen, gjort ei redigering av originalmanuset og presenterer det i ei vakker og vel gjennomarbeidd bok med tittelen «Gasta greie».

Initiativtakarane har gjort eit storverk. Heilt sidan 1996 har det vore eit ønske å gi ut stoffet til Lars Holdhus i bokform, og mange språkkunnige har sett på ordsamlinga. Men det er først no, meir enn eit halvt hundreår etter at Lars Holdhus tok i ferd med arbeidet at "suto er i salt".

Og arbeidet er svært vellukka. Sjeldan eller aldri har denne meldaren sett ei så flott bok om eit til tider vanskeleg og lite tilgjengeleg emne. Å streva seg gjennom lange lister med til dels uforståelege ord er først og fremst interessant for språkforskaren eller den meir enn alminneleg interesserte lesaren, og til no har dette vore det vanlegaste ved slike bøker. Men dei ansvarlege for «Gasta greie» har gjort fleire grep for å gjera boka meir tilgjengeleg for ålmenta og meir som ei oppslagsbok for den lokale dialektbrukaren.

Boka er delt i fleire kapittel. Jarle Halveg frå Universitetet i Bergen gjer greie for prinsippa i redigeringsarbeidet, Anja Tveiterås fortel om bruken av bilete og illustrasjonar, eit kapittel tar føre seg vèrmerke, eit portretterer Lars Holdhus og professor Gunnstein Akselberg frå Universitetet i Bergen oppsummerer nytte og særkjenne ved lokale ordtilfang. Den viktigaste delen, sjølve ordsamlinga, tel 180 av den 215 sider tjukke boka. Bak desse står ei kunnig boknemnd som har følgd arbeidet frå start til mål.

Illustrasjonane er flotte, svært flotte. Dei er plasserte i ordsamlinga der dette høver og somme stader med humor basert i lokalmiljøet. T.d. der ein mann står øvst i ein lysstolpe og seier: "..sabla løye å klatra opp, men skitande redd for å klatra ned att". Det er humor og samstundes ei forklaring på forsterkande adverb som er nemnde i margen: "Skitande, sabla, hoggande, pikkande, stappande, hakkande, pidnande, ustoppele, fælande, kostande". Under biletet står uttrykket "gå til luktars/gå i lukta" og setningen "æg va so fudl i vend å oppblesen at æg nesten konde tru æ velde fara te loktars". Viktig forklaring på ein god og instruktiv måte der tekst og illustrasjonar spelar saman.

Å gå gjennom heile det store tilfanget på nesten 3000 ord, vil naturlegvis føra altfor langt her. Orda er gamle og har vore i bruk i mange generasjonar, men mange er ute av språket no, særleg hos dei unge. Det er likevel ikkje umogleg at denne boka vil kunna gi nettopp dei unge ei forklaring på kva det og det tyder og kanskje få ein og annan til å ta eit og anna ord i bruk sjølv. For det finst mange betre og meir presise ord enn det etter kvart forslitne og inkjeseiande ordet "kult", ja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange av orda er ikkje berre reint fusiske, dei er kjende i heile denne delen av Hordaland og enn vidare. Les ein den store forfattaren frå Tysnes, Johannes Heggland, vil ein sjå det. Her skal eg berre nemna uttrykket "ikkje naderen", som Heggland bruker mykje, og som tyder "ingenting". Men også ord og uttrykk som desse: "spøve" (eit rundt skaft med breitt blad i enden), "tigla" (spara på), "ukjure" (ein som er utgått på fantaskap), "vones før" (om ikkje lenge), "tyras"(nokon som held leven), "åfått" (noko som feilar eller vantar noko), "ålvelte" (liggja i ålvelte eller velta rundt), "landtroll" (ein som har forsømt båten og blir ståande att på land), "fortrøten" (avindssjuk/misunneleg), "slarka i mjødmane" (svinga på hoftene), "omhender" (gravid), "sjaund"(gravferd), "geitavis" (kvitsymre/kvitveis) og mange fleire. Her er ei rad med ord innanfor alle ordklassar og tydingar, heilt frå "ala" (da æle i kornstålet) til "åtøle" (storetar).

Eit heilt spesielt kapittel handlar om vermerke og stadnamn. Her er orda "meinsis" og "ålahol" og "Vossaboto" og mange andre som vil vera både kjende og interessante for lesarar i Fusa kommune.

Innsamlaren sjølv, Lars Holdhus, var ein mangslungen kar. Ella Marie Brekke Vangsnes fortel om livet og arbeidet hans i eit velskrive kapittel i mot slutten av boka. Velskrive er også professor Akselberg sitt kapittel der han tar føre seg orda våre som skattkiste og løftar dei opp til eit kulturelt og historisk særkjenne. Og eit innsamlingsarbeid som dette er også ein del av eit viktig arbeid i kartlegginga av dei vestnorske dialektane.

Boka er lettlesen. Jarle Halveg har brukt vanleg skrivemåte for kvart ord, men sett den lokale dialekten i parentes bak ordet. Dette er ein metode som denne meldaren har sans for, fordi det gjer at ein urøynd lesar ikkje let seg skremma av dei etter måten lange listene, men les både innhaldet og seiemåten i det same ordet. Ei anna sak er at Halveg har valt å la alle svake hokjønnsord enda på e, td: "sugge", "svele", "fyllesykje", "bræle", der Lars Holdhus har a-ending: "sugga", "svela", "fydlesykja", "bræla". Dette er ikkje eit diskusjonsemne her, det gjer heller ikkje boka dårlegare. For ho er etande god. Og kjem nok til å liggja midt på bordet i diskusjonen rundt kaffien i mange år frametter.