Bokbåten legg til kai i morgon
Strøno er første stoppestad for bokbåten Epos, som også legg turen innom Fusa.
Epos skal leggja til kai på 51 stader i Hordaland dei neste vekene. I Os og Fusa er det Strøno, Vedholmen, Vinnes, Strandvik og Baldersheim som får vitjing av "kultur-båten".
Besøkstal som Hordaland fylkeskommune oppererer med, tilseier at båten er populær blant hordalendingane. 3.700 store og små nytta det tradisjonsrike kulturtilbodet i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kulturelle innslag i år er Siv Wyller, som har laga framsyning til barnebok-debuten «Hockeysveis fører til dårlige rim».
Forfattar Roald Kaldestad og musikaren Roy Ole Førland kjem til å formidla boka «269 dagar», som er skriven av Kaldestad, og illustrert av Bjørn Runde Lid.