Bli med på julemusikalen Gabrielle!

Går du i 2. - 7. klasse og likar dans, drama og sang? Då treng dei deg i julemusikalen Gabrielle.

28. november skal Os kyrkjelyds familiekor ShubaDups, framføra julemeusikalen Gabrielle i Os kyrkje. ShubaDups har mange yngre born, og dei skal stort sett vera med på refreng og litt enklare bevegelsar. Men det trengst også eldre born frå 2. - 7. klasse.

- Difor vil vi no starta eit prosjektkor for desse. Dei skal spela litt skodespel, dansa og ha nokre soloar, forklarer dirigent Stine Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Englekoret

Musikalen handlar om den vesle engelen Gabrielle som opplever mykje gøy i både himmelen og på jorda. Særleg viktig er det store englekoret som øver på å syngje for gjetarane julenatta. Men Gabrielle kjem alltid for seint.

- Vi har framført musikalen to gonger tidlegare, og det vore svært vellukka, seier Kobbeltvedt.

Prosjektkoret skal ha øvingar annankvar måndag og startar opp måndag 14. september. Edle Svendsen Lunde har regi og jobbar med dramagruppa medan Stine Kobbeltvedt dirigerer koret.