Blåste ein lang marsj
Med Vamp, Grieg og Egner skapte tre Os-korps sommarstemning i Oseana laurdag ettermiddag.
Gratiskonserten i foajeen på Oseana vart opna av ungdomane i Os skulekorps med eit herleg potpurri frå teiknefilmens verd. Med imponerande samspel og drivande rytmer fekk vi også Vamps klassikar «Månemannen» i heilt ny og korpsleg innpakning. Noko publikum visste å setja pris på.
- Men vi må hasta vidare, vi har nemleg grådig dårleg tid i dag, smilte dirigent for vertskapet i Os Musikkforening, Per-Lorentz Milotzki, og introduserte Søre Neset Musikklag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Egner
Dei heldt like godt fram med Vamps «Løvetann og skvalderkål». Haugesundarane er tydelegvis ein schläger i korpsmiljøet. Og kvifor ikkje, når det læt så bra.
Vårlege tonar frå Grieg og eit leikent Egner-potpurri gjorde ikkje stemninga dårlegare.
- Men vi blir ikkje nøgde om vi ikkje får avslutta med ein skikkeleg marsj, sa dirigent Aina Herheim og heva taktstokken.
Talent
Til slutt var det duka for Os musikkforening. Dei drog like godt med seg høvesvis klarinett- og deretter kornettrekka frå Os skulekorps, på dei to fyrste nummera.
- Dette viser at vi har masse talent i Os. La oss ta godt vare på dei, vi håpar jo at dei ein dag vil byrja i vårt korps, sa dirigent Miletzki.
Prinsebryllaup
Passande nok valde korpset å avslutta med ein "svenskemarsj", «Under ei blågul fane». Rett nok ikkje til ære for dagens prinsebryllaup i Stockholm, men for ein diverre utdøyande tradisjon: Sveriges tidlegare så talrike militærkorps.
Rosinen i pølsa var eit ekstranummer der alle tre korpsa stilte opp på terrassen utanfor og spelte publikum vel av garde.