Ordentleg bibel-kake høyrer med på bibelmarathon og fest. Den var pynta med det mest populære bibel-verset i Fusa.
Ordentleg bibel-kake høyrer med på bibelmarathon og fest. Den var pynta med det mest populære bibel-verset i Fusa.

Bibelen minutt for minutt

100 personar var med og las, natt som dag, då Fusa sokn arrangerte Bibel Halvmarathon frå fredag til laurdag.

- Eg trur vi må seia at det vart ei historisk hending det som skjedde, seier kyrkjeverje i Fusa, Harald Geir Sæther.

Den noko spesielle bibel-opplesinga arrangerte Fusa sokn i samband med at Bibelselskapet fyller 200 år dette året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nye testamentet non stop

Frå klokka 15 fredag til 18 laurdag las fusingar Det nye testamentet no stop. Også gjennom natta klarte dei å halda seg vakne i bedehuset i Eikelandsosen.

- Petra Dahlstrøm opna med fanfare, før soknerådsleiaren ønskte velkomen og ordførar Atle Kvåle klypte snora.

Deretter fekk ordføraren gleda av å opna "ballet" med Matteusevangeliet.

Til saman 50 gamle biblar fekk Fusa sokn tips om i samband med arrangementet. Her er nokre av dei på utstilling.
Til saman 50 gamle biblar fekk Fusa sokn tips om i samband med arrangementet. Her er nokre av dei på utstilling.
Desse ungomane var med og las fredags kvelden.
Desse ungomane var med og las fredags kvelden.
Marie og Dieudonne frå Kongo song under festen.
Marie og Dieudonne frå Kongo song under festen.
1589-utgåva var ein av dei verkeleg gamle bibelskattane som vart viste fram.
1589-utgåva var ein av dei verkeleg gamle bibelskattane som vart viste fram.

- Om lag 40 personar var til stades ved opninga, medan nærmare 100 personar deltok med lesing. Både born og vaksne. Den eldste var over 90 år, fortel Sæther.

Las på 13 språk

Fleire ulike grupper var inviterte, av dei deltok desse: Fritidsklubben Noah, jentegruppe med ungdom, prestetimen (med seks prestar der fleire har hatt teneste i Fusa før), dei politiske partia Ap, H og Sp. Også familiar deltok med store og små.

- Vi hadde den internasjonale timen, og til saman vart det lese på 13 språk i løpet av desse to dagane (dansk, samisk, tysk, nederlandsk, engelsk, fransk, italiensk, amerikansk, russisk, spansk og tagalog i tillegg til nynorsk og bokmål).

Det vart kjøpt inn ein del framandspråklege biblar til dei som ikkje hadde.

Viste fram bibelskattar

Fleire svært gamle biblar var funne fram og var på utstilling under arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- 1550-bibelen som er den eldste i Noreg og på dansk språk, viste seg å vera i Fusa. Der er truleg 48 av dei i Noreg, og berre nokre av desse er i privat eige - og ein, eit godt eksemplar, er altså i Fusa, fortel Sæther.

Han er svært glad for at dei fekk høve til visa han fram under festen, saman med 1589-utgåva (den andre utgåva) og 1633-utgåva (den tredje utgåva).

- 48 timer før festen tok til ettelyste vi tre biblar på Facebook og SMS. Og jammen kom folk med dei til festen, fortel ein opprømd Sæther.

Dei etterlyste biblane som dukka opp var andre utgåve av 1854-årgangen (1857), andre utgåve av 1904-årgangen (1906), og ein person hadde med den første nynorskutgåva av bibelen.

- Til saman fekk vi melding om kring 50 eldre biblar - alt frå tidleg 1900 tal og heilt tilbake til 1550. Dette må seiast å vera historisk!

Mest populære vers er kåra

Før festen hadde Fusa sokn også oppmoda Fusa-folket om å senda inn bibelvers som har vore viktige for dei i livet.

- Vi fekk inn om lag 45 vers, men det var salme 23, vers 1, som kom inn flest gonger.

Resultatet vart presentert under festen, og gjekk som ein raud tråd gjennom arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Salme 23 vart lese på både språket tagolog (fillipinsk språk) og på norsk. Også festkaka var pynta ut frå denne teksten: "Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko."

For å dra iland det heile var fleire frivillige stabsgrupper på to-tre personar til stades i lokalet til ei kvar tid. Dei tok i mot alle som skulle lesa, besøkjande, passa på utstillingane og sørge for at det alltid var forfriskningar til stades.

- Dei skulle også trø til om nokon lesarar ikkje dukka opp, men det slapp dei.

Lesemarathonet vart avslutta med storslagen bibelfest. Under den var det ulike innslag som mellom anna pianospeling og lovsong frå Kongo i tillegg til at ulike deltakarar vart heidra med "spesielle biblar".

Ella Marie Brekke Vangsnes sørgde for å leia publikum gjennom dette programmet med stort engasjement.