Berge Skåtun med tre kalendrar
For 2016 har fotograf Berge Skåtun laga ikkje mindre enn tre kalendrar.
Morten Holmefjord
morten.holmefjord@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Den eine har lanskapsmotiv frå rundt i Fusa. No er det berre 12 månader i året, så det er avgrensa kva eg har fått med, seier Skåtun.
Den andre har motiv frå Vinnesbygda. Denne har blitt til etter sterkt press frå naboar og sambygdingar. I den tredje kalenderen går Skåtun inn i detaljane med blomar, fuglar og insekt. Det er også blitt plass til sau, noko alle oppegåande folk vil vita å setja pris på.
- Dette er svært kortreiste motiv. Dette er eit prøveprosjekt, og kalendrane er trykt i eit lite opplag. Om dei sel like godt som boka «Mitt Fusa» som eg gav ut for to år sidan, så trykkjer eg opp fleire, seier Skåtun.
Me får opplyst at kalendrane kjem frå trykkeriet i løpet av ei vekes tid.