Avsluttar jubileumsåret med adventskonsert
Os Mannskor er 90 år og har eit hendingsrikt jubileumsår bak seg. Adventskonserten i Nore Neset kyrkje fyrste søndag i advent vert ei verdig avslutningsmarkering.
Det har vorte ein tradisjon at Os Mannskor held storkonsert i Nore Neset kyrkje 1. søndag i advent. Dette året er ikkje noko unntak.
-I år har vi fått med oss elevar frå Kongshaug Musikkgymnas som vi i fleire år hatt eit godt samarbeid med. Kongshaug Musikkgymnas har mange flinke elevar som er verd å høyra på, fortel Thore Lunde i mannskoret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilslørte bondepiker
Koret har også fått med seg vokalgruppa «Tilslørte Bondepiker».
- Dette er tolv humørfylte Os-damer med til saman meir enn 100 års korerfaring. Saman med dirigent Kristine Bjånes ønskjer ensemblet å gje publikum gode, underhaldande musikalske opplevingar. Med god hjelp av lokale arrangørar og medlemmene sjølve presenterer gruppa ofte songar med ein personleg vri, lokkar Lunde.
På adventskonserten i Nore Neset kyrkje vil dei for høvet bli dirigert og akkompagnert av Knut Vidar Garlid.
Våren 2016 held vokalgruppa forøvrig sin første konsert i eigen regi i foajeen i Oseana.
Stort songarstemne
Os Mannskor kan sjå tilbake på eit svært aktivt år som toppa seg med jubileumskonsert i eit fullsett Oseana i mars. 90-årsfeiringa heldt fram med tur til musikkfestival i Austerrike i juni.
- Mannskoret har no eit breitt repertoar av songar og mange av desse vil verta framførde på konserten søndag 29. november, men ein vil sjølvsagt markera at det er advent og jula nærmar seg, seier Lunde.
Det neste store for mannskoret skjer til våren. 20.-22. mai vert det stort songarstemne i Os og ein reknar med mellom 25 og 30 kor på stemnet, og mellom 500 og 600 songarar. Fleire langvegsfarande kor har meldt seg på, mellom anna Ringerike Mannskor og Langesund Mandssangforening.