Avdukingsdatoen er sett: No er Alfred Lunde-bysten på veg i omnen
— Me har vore vågale. Det første me gjorde var å setja sluttdato for prosjektet, ler Anders Lekven og Vidar Bratlund-Mæland.
I fleire år har dei jobba for eit felles mål: Å få reist minnesmerket etter romfartsekspert Alfred Lunde.
No byrjar Anders og Vidar å sjå mållina: Det vil seia, mållina har dei sett heile tida, utfordringa har vore å bli ferdige i tide.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Dette har jo vore Vidar sin draum i mange år, men for eit par år sidan fekk han meg med, og sidan har me jobba aktivt for å konkretisera planen, hanka inn sponsorar og leggja til rette for reisinga av minnesmerket, seier Anders Lekven.
Hovudpersonen i prosjektet er onkelen hans, Alfred Lunde, romfartsingeniøren som stod sentralt i romfartskappløpet på 1960-talet i Houston, Texas, i USA.
— Eg var stolt over onkelen min, og besøkte han i USA før han dessverre gjekk bort så alt for tidleg i 1996. Men eg tenkte ikkje på å reisa noko minnesmerke over han her i Os, før Vidar kom med ideen. No er eg utruleg takksam for at Vidar drog dette i gang, seier Lekven.
Morgonkaffi utanfor galleriet
Me møter dei to utanfor Galleri Solbakken torsdag morgon. Sola har så vidt rokke å titta over haugen som hindrar direkte utsikt til Bjørnafjorden. Vidar serverer kaffi og tebrød.
— Alt er ikkje på plass når det kjem til sponsorar og finansiering, men det får ikkje hjelpa. Dette prosjektet skulle me realisera uansett, for det er så viktig, seier Bratlund-Mæland.
Han vedgår å vera over normalt interessert i romfart.
— Eg var så heldig å få helsa på Alfred i barndomen. Han var innom skulen på Lunde og hadde med seg tomatfrø som hadde vore ute i rommet. Det gjorde uutsletteleg inntrykk, fortel Vidar engasjert.
Os & Fusaposten har skrive fleire saker om Alfred Lunde. Likevel fastheld duoen at det truleg er mange som ikkje har fått med seg kva denne mannen, fødd på ein gard på Lunde midt under andre verdskrig, fekk vera med på.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ifølgje læraren hans på Søre Neset skule var han ikkje så flink på skulen. Eller det vil seia, bortsett frå matematikk. Der hadde han visst knekt koden, fortel Lekven.
Den vidare historia om matematikaren og romfartsingeniøren Lunde tek han til USA.
— Han flytta til onkelen sin i USA i ung alder, og der vart det andre bollar. Under eit noko strengare regime vart han nøydd til å ta skulen seriøst. Det gjorde han til gagns.
Lunde jobba svært godt, og etter mange års innsats, fekk han i 1966 jobb i NASA. Sidan vart han sentral i alle store prosjekt som romfartsnasjonen USA dreiv fram i romkappløpet med Sovjetunionen på 1960-, 70- og 1980-talet, fortel Lekven.
— Han var sentral under månelandinga i 1969, også, skyt Vidar inn og held fram:
— Han var hovudhjernen bak utrekninga av bane-navigasjonen til og frå månen og jorda. Etter kvart vart han også sentral då dei lukkast med å automatisera dette.
— Han var rett og slett ein glimrande matematikar. Det herskar det liten tvil om, konstaterer Anders.
Vise veg for ungdomen
Den store driven for Vidar og Anders er å gjera «den oppveksande slekt» i Bjørnafjorden merksam på historia om Alfred Lunde og kva han oppnådde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Duoen meiner dette kan og bør vera til inspirasjon for mange.
— Du kan koma langt og spela ei stor rolle i verdshistoria sjølv om du kjem frå ein liten plass som Os. Det synest eg ungdomen skal ha med seg. Det er lov å drøyma, og du kan gjerne drøyma stort, seier Vidar.
— Alfred vaks opp på ein liten gard på Lunde. Nokre år seinare fekk han direkte heider frå dåverande president i USA, Richard Nixon, legg Anders til.
— I dag er jo romfartseventyret til og med meir oppnåeleg å få ta del i. Sonen min har ein ven som drøymer om å få vera med på noko slikt, seier Vidar.
På sikt håpar dei å ta Lunde-prosjektet med seg inn i skulane i Bjørnafjorden. Dei ser for seg ein «undervisningspakke» kring temaet og hovudpersonen Lunde, til glede og inspirasjon for born og unge.
Vidar legg til at minnesmerket dei no jobbar med, kanskje vil få selskap av andre familiære minnesmerke med tida.
— Me ser for oss at det kan bli ein føljetong med romfartshistorie på skular og liknande. Tenk deg små «satelittar», i form av statuar, med bitar av historie kring seg. Så kan folk lesa seg opp på desse når dei er på tur med familien i ulike område av kommunen, seier Vidar.
Klar for avduking
I tråd med planane dei opphavleg la for kring to år sidan, nærmar avdukinga seg med stormskritt. Vidar og Anders trur dei er nokolunde à jour.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Når det kjem til monumentet, er eg klar til å støypa forma til bysten av Alfred Lunde innan eit par veker, forklarer Vidar.
Deretter skal han støypa han i bronse og byrja arbeidet med ein granittsokkel. Med bysten av Alfred inni, vert denne totalt to meter høg, seier han og viser fram ein modell han har ståande på verkstaden.
— Kvar konkret skal minnesmerket reisast?
— Det blir i hagen ved huset der han budde i Torkjelsvegen på Lunde. Dette har me avtalt med Kine Lunde som bur der no. Ho er med på laget. Plassen er bestemt og heilt perfekt for dette, seier dei to.
— Og sjølve avdukingsdagen?
— Laurdag 29. april blir det høgtideleg avduking med ordførar Trine Lindborg og musikk ved Os Mannskor og Søre Neset Musikklag. Etterpå blir det kaffi og feiring på Lunde barneskule, fortel Vidar og Anders.
Spons og spleis
— Så då er de nær i boks?
— Me er på veg, men me er framleis på jakt etter fleire støttespelarar og sponsorar. Det kostar ein del, og me ønskjer gjerne at me får inn litt midlar slik at me kan starta på kapittel to, nemleg å få temaet og historia ut til skulane, seier Lekven.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Me har nett starta ein spleis for prosjektet. I tillegg håpar me på positivt svar frå ein del konkrete sponsorar som me er i dialog med. Me håpar og trur me får litt meir støtte, avsluttar dei to.