Aurora rocka Jimmy Fallon
Greier du ikkje å venta til i kveld? Her kan du sjå Aurora rocka USAs største talk-show.
I ein kvit, todelt buksekjole med gudinne-snitt og gulldetaljar, song Aurora passande nok låta Conqueror på The Tonight Show i New York i går kveld, amerikansk tid.
Foto og video kan du sjåher.
Artikkelen held fram under annonsen.
Antrekket er truleg laga av hennar faste designar, storesyster Viktoria Aksnes, som også var til stades i salen.
Sjølv var ho nervøs før showet, men svært nøgd etterpå. Ikkje minst med programleiar Jimmy Fallon.
- Det føltes bra å opptre der. Eg såg frå sideblikket at han headbanga når vi spelte. Eg likte veldig godt energien hans, seier Aurora til VG.no.
Om du vil sjå heile programmet, går det på TV 2 Humor i kveld kl. 23.