Aurora opptrer på fredspriskonserten
Aurora opptrer på Nobels fredspriskonsert 11. desember. Det gjer ho i lag med tidenes største norske popgruppe, A-ha.
Det vart klart dåNRK i dag offentleggjorde dei to fyrste artistane til årets konsert.
Dette er det tjueandre året Nobelkonserten vert halden til ære for vinnaren av Nobels fredspris.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er veldig stort å få opptre på Nobels fredspriskonsert. Vi har følgt med på konserten frå stova heime i mange år. Det er ein utruleg vakker ting å få vera med på, seier lysefjordingen til NRK.
Konserten blir vanlegvis arrangert i Oslo Spektrum, og sendinga vert kringkasta over heile verda. I år vert konserten imidlertid flytta til Telenor Arena, og skal for fyrste gong visast direkte på YouTube, melder NRK.