Aurora kjem til Oseana
27. februar er datoen. Då kjem Aurora Aksens til Oseana og held konsert på heimebane.
- Det kjennest alltid godt å opptre på min eigen heimstad når ein er så mykje vekke heimanfrå! Verda er fin ho, men eg kjenner det blir ekstra godt å få leggja seg i si eiga seng etter å ha stått på scena der eg voks opp. Eg gler meg masse! Håpar nokon kjem, seier Aurora.
Arrangementssjef ved Oseana, Berit Steen, er sjølvsagt svært nøgd med å få Aurora på plakaten for vinteren 2016.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi var så heldige å ha konsert med Aurora her i februar i 2015. At vi får endå ein konsert eitt år etterpå, er ikkje mindre enn utruleg! Denne jenta reiser verda rundt, men prioriterer å få til endå ein konsert heime på Os, noko vi sjølvsagt er svært glade for, smiler Steen.
Stjerneskotet Aurora har hatt eit eventyrleg år og karrieren når stadig nye milepålar. Akkurat no skaper ho furore i årets julereklame for det engelske varehuset John Lewis.
Desse årvisse reklamefilmane blir rekna som sjølve starten på julefeiringa for engelskmennene.
For fyrste gong er ein ikkje-britisk artist plukka ut til det ærefulle oppdraget. I skrivande stund har Auroras versjon av Oasis-låten «Half the World Away» blitt sett nær 18 millionar gonger på YouTube.
Konserten med Aurora i fjor vart utseld, og Steen oppfordrar publikum til ikkje å la ein ny sjanse gå frå seg.
- Eg får framleis gåsehud av den konsertopplevinga. Den vesle jenta trollbatt publikum frå start til slutt, og fleire publikumarar sa det var noko av det beste dei hadde opplevd.
Det nye albumet kjem ut på vårparten 2016. I mellomtida skal Aurora opptre både på prisutdelinga P3Gull og på Nobelkonserten.