Aurora debuterer som regissør
Det er bergensbandet «Evigheten» som har hyra Aurora til å regissera deira første musikkvideo.
Det skrivBergens Tidende.
– Vi synest det er utruleg kjekt at Aurora ville debutera som regissør til ein av våre låtar. Det var veldig lærerikt å jobba med ho, og ho var dyktig og profesjonell i rolla som regissør, fortel bandet til Bergens Tidende.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Eksistensen»
Vidare skriv BT at Aurora har regi på videoen til låten «Eksistensen», som blir sleppt i vår.
Det skjer mykje kring artisten for tida. I fjor haust sleppte ho sitt andre album. I desember var lysefjordingen på Bergen Kino for å visa fram dokumentarenOnce Aurora, saman med osing og regissør Benjamin Langeland i Flimmer Film.