Arne Mæland inviterer alle til utstillingsopning 5. desember.
Arne Mæland inviterer alle til utstillingsopning 5. desember.

Arne Mæland debuterer

Ein skulle ikkje tru det, men laurdag 5. desember er det faktisk opning av Arne Mæland si første utstilling i heimbygda Os, i Oseana. - Eg har stilt ut mange andre plassar, men ikkje her, ironisk nok, seier debutanten.

I 1975 kom Mæland til Os frå Etne og busette seg i Solbakken. Løa vart riven for å gi plass til utstillings- og arbeidslokale. Huset blei heitande Solbakkestova, og har sidan rundt 1990 vore ein sjølvsagt del av kulturlivet i kommunen med utstillingar, konsertar, bokkveldar og mykje anna. Dette var i den tida ein måtte ha slekt i Os for å få seg tomt.

- Det vart ca tusen lass med stein for å fylla i myra nedanfor, fortel Mæland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kom hit som lærar. Eg visste ikkje at eg skulle bli kunstnar, det har eg aldri visst. Eg visste ikkje at kunsten hadde noko med meg å gjera.

"Menneske"

Utstillinga som opnar i Hvelvet på Oseana laurdag om to veker er same utstilling som har stått i Grieghallen. Dette førte til mykje kontrovers, noko kunstnaren ikkje er ukjent med frå før. Då skulpturen "Menneske" vart sett opp ved sida av tidlegare Bergen Bank i bykjerna, som ein kommentar til oppstusset rundt årtusenskiftet, vart det også bråk.

Son og kollega Vidar Bratlund-Mæland vakar i bakgrunnen under intervjuet, og kan ikkje dy seg.

- Kritikarane snakkar om "Mæland-dynastiet", og om "Mæland og hans like". Dei kjem aldri med argument. Og så hadde det vore fint om dei som kritiserer faktisk hadde teke seg tid til å sjå, seier Vidar.

Mæland arbeider både abstrakt og figurativt.

- Eg arbeider alltid med fleire ulike ting samstundes, det er difor eg har ein så stor produksjon, det gjer meg veldig godt, fortel han, og legg til:

- Det er fleire som likar enn som mislikar arbeida mine. Eg har mi greie og må vera tru mot det.

Kyrkje

Mæland er ein mann i farten. Medan me sit ned med ein kopp kaffi, ringjer det mellom anna frå ein kunde som skulle hatt noko frå støyperiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skulle gjerne gjort nokre skulpturar i større format, seier han og syner døme på "modellar" som er utstilt.

- Men dette er kostbart, så dette må eg ta litt pø om pø, seier Mæland.

Det siste no er utsmykking av Tveit kyrkje på Askøy, der han har teikna glasmåleri, altar og elles utsmykking. Arbeidet er eit samarbeid med eit arkitektkontor i Bergen. Eit utfordrande arbeid som han fekk nesten på slump.

- Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å vera med på konkurransen, men så meinte nokon at eg burde stilla med skisser. Og så vann eg.

Men no først er det opninga 5. desember som er i fokus.

- Eg gler meg til Oseana-utstillinga, det blir kjekt, avsluttar Mæland.